Feit mjølk er god mjølk!

Av Liv Anne søn 06.06.2021 - 21:48
Haldis og Gaute Øvstedal med diplom for mjølk av god kvalitet

Haldis og Gaute har fått denne prisen før. Dette er 6.gongen dei får denne utmerkinga etter at dei byrja som bønder på Nesheim. Bøndene på Nesheim har no 60 årskyr, og er premierte i gruppa over 40 kyr. I tillegg er det ei liste over dei med 20 - 40 kyr, og ei for dei opp til 20 kyr. 

Vaksdal kommune markerer seg godt, med to par bønder mellom dei 150 beste i landet. For Bergsdalen er også representert med Olaug Fagerbakke Fosse og Helge Terje Fosse. Olaug og Helge Terje har 13 årskyr, og dei driv i lausdriftfjøs. Haldis fortel at det var både båsflor, lausdriftflor og flor med mjølkerobot med mellom dei premierte i området Vaksdal og Voss.

- Kriteria er litt endra frå tidlegare, fortel Gaute. No er mjølkefeitt ei mangelvare, og det er bra å ha feitast mogeleg mjølk. Det er ein trend at folk vil ha smør og fløyte, og difor får me no betalt for å ha god feittprosent på mjølka vår. Kyrne sin produksjon vert i denne samanhengen korrigert i høve feitt- og proteininnhald i mjølka, betegna som energikorrigert mjølkemengde. 

Haldis og den "mest forvitne" kyra i floren. Ei som likar både klapp og prat.

Haldis og Gaute bygde ny flor med mjølkerobot for tre år sidan. Likevel er dei like mykje i floren som tidlegare. 

- Men arbidet er annleis no, seier Haldis. Før snakka me med kyrne når me mjølka dei, no må me setja av tid til å fylgja med og snakka med dei. Kontakt og godt stell inne er viktig for å ha trygge og gode kyr ute på beite. 

Kyrne på Nesheim skal om litt få ut på sommarferie. Ungdyra vert sleppt ut i midten av juni, medan mjølkekyrne får tur til stølsbeite innan midten av juli. 

Heile familien deltek i det daglege stellet. Her er brørne Sigve og Håkon i arbeid, eldstebror Audun hadde nett gått inn.

Høgaste tal kyr i Ekingedalen nokon sinne: 

«Landbruket er og vil som regel alltid bli hovednæringen i et lokalsamfunn med så utpreget utkantbeliggenhet som Eksingedalen.» (Sømme, 1981) 

I Eksingedalen er det no 7 mjølkebruk att, av i alt 10 mjølkebruk i Vaksdal. Håkon fortel at talet på kyr og ungdyr likevel er av det høgaste det nokon gong har vore i Eksingedalen.  Håkon studerer bachleor i landbruksteknikk og agronomi ved Høgskulen i Hedmark. I vinter skreiv han oppgåve om naturgrunnlag, jordbruk og utvikling av dette i Eksignedalen.

Han skriv i oppgåva si: 

Sjølv om garden på Nesheim er relativt moderne, er det ikkje dette som er normalen elles i dalen. For å gje eit perspektiv over landbruksutviklinga i Eksingedalen har eg lagt fram eit diagram over utviklinga av bruk med husdyr frå 1966 til i dag (figur 10). Tendensen er jo relativt klar, frå 48 aktive bruk i 1966, til 15 i dag. Men ser ein på mengda husdyr (figur 9), er ikkje nedgangen like klar, tvert i mot er menga kyr og ungdyr det høgaste det har vore i dag. Dette viser at meng bruk i dalen vært færre og større. Dalen vert ikkje større enn den er, så det vert viktigare enn før og bevare den jorda som er her.

 

Talet på gardbruk i Eksignedalen minkar kraftig (Kjelde Håkon Øvstedal)
Talet på kyr har aldri vore høgare enn no. (Kjelde Håkon Øvstedal)

Talet på kyr i Eksingedalen gjekk kraftig ned i 1966, då de vart krav om levering til felles mjølkerampe på kvar gard - og det gjekk vidare nedover ved innføring av mjølketank på 70-talet. 

Og med fleire kyr enn i 1966 er det mykje meir mjølk.

No yter kyrne mykje meir enn for 50 år sidan - og dei leverer mjølk av god kvaltitet.

Når Håkon ikkje er student, er han for fullt med i drifta saman med foreldra.