Onsdagstur med mykje godt attåt!

Av Liv Anne fre 11.06.2021 - 17:55
Straks framme ved målet denne onsdagen: Flatekvalstølen

- No kosar me oss mykje! Sa ei av jentene. Sjå så mykje godt me har på bordet! 

Denne veka var det avtalt å ta med pølser og laga middag på tur. Jomar gjekk i førevegen, og då resten av gjengen kom opp var grillen klar til bruk. God mat og godt humør! 

Det er koseleg å vera med på onsdagstur!
Turen denne veka vart avslutta med å følgja kalvar og kviger på Flatekval til sommarbeitet! 

Onsdag kommande veke går siste onsdagstur for i vår, til Yksendalsstølen. Start frå Yksendalen kl 17.