Regnbogeflagg i Eksingedalen

Av Liv Anne man 14.06.2021 - 12:02
"Det er ei ære å få heisa prideflagget for aller første gong i Eksingedalen", seier dei to 10.klassingane Sigve Øvstedal og Johannes Bergo

Dei to tiandeklasingane skriv dette i dag: 

"No som det er juni er det endeleg Pride-månad og det er ikkje lite å feira! 19.mai vedtok stortinget at det skulle vera lov å heisa pride-flagget på kommunale flaggstenger, noko som er ei historisk lovendring. Dette er eit stort steg i riktig retning for å kjempa mot ulike fordommar og hat mot LHBTQ-personar.  

14. juni heiste 10.klasse på Eksingedalen skule for første gong i historia pride-flagget opp på flaggstonga ved Eksingedalen skule."