Gullbrå Hytteutleige

Av Svein tir 21.01.2014 - 18:18

To hus tilleige på Gullbrå.


Kvitahuset: Nyoppussa hus tilleige.7/9 sengeplasser.Tv/parabol, oppvaskmaskin, vaskemaskin. Fullt utstyrt.

Steinhuset: Triveleg hus for utleige som inneheldt stove, kjøkken med alt utstyr, 3 soverom med 2 senger på kvart rom. 

Her er dyner og puter.Ta med sengetøy. Kan evt. leige dette for kr 150,- (Sengetøy/handkler)

Adresse:

Gullbrå,

5728 EIDSLANDET

Telefon:+47 56 59 50 41 / +47 957 06 695

E-post:olagul@online.no

Steinhuset:

 

Kvitahuset:

Gullbrå er ein fjellgård 584 m.o.h. som gir flotte mulegheiter for fjellturar mot Vikafjellet og stølsheimen. Flotte elvar og vatn med aure som smakar til kveldsmaten. Enkelte stader kan du også leige robåt.

Gullbrå er ein fjellgård 584 m.o.h. som gir flotte mulegheiter for fjellturar mot Vikafjellet og stølsheimen. Flotte elvar og vatn med aure som smakar til kveldsmaten. Enkelte stader kan du også leige robåt.

Utpå hausten er det mulegheit for rypejakt.

Eit gamalt kraftverk frå 1929 finst også på garden. Dette er i full drift. Reisetid frå Bergen ca. 2 timar.

Me tek imot gjester frå mars til november.

Beste helsing Anita og Olav Gullbrå
Eksingedalen, 5728 Eidslandet
Tlf 56 59 50 41 / 95706695

 

Litt info om Gullbrå
Sjølv om me bur så høgt til fjells som her, haustar me gras to gonger i året. Andre slåtten, (håna) er betydeleg mindre enn første slåtten.

På Gullbrå bur det ca 20 personar med stort og smått. Nokre dagpendla til Dale og Voss på arbeid. Andre reiser med skulebussen til Bergo på skule og barnehage. Det er 13 km kvar veg. Posten kjem 6 dagar i veka.

Vintrane kan vera lange. Ofte frå byrjinga av november og til uti mai. Me har målt opptil 2,8 m med snø på flat mark. Dei siste åra har det våre heller lite snø, berre ein god meter.

Bilvegen kom først i 1959. Før den tid måtte alle varer bærast på ryggen, eller kjøyrast og klyvjast med hest til gards. På den tid var ikkje vegen alltid brøytt om vinteren. Og med 2 mil til butikken, så kunne det vera mange strie turar med hest og slede, eller på ski. 

Elektrisk straum hadde me alt frå 1930 åra. Den kom frå kraftverket ved Gullbråfossen

Turar som du kan gå frå Gullbrå.

Når du ser deg rundt, er ikkje alle liene like bratte. Du kan med andre ord velja turar som passar best for deg.

Torvedalen. Denne turen er lett, og går i fint og idyllisk landskap. Stien er T-merka og tek av frå anleggsvegen om lag 900m. innover. Hytta i Torvedalen er ei open turlagshytte. Derifrå er det merka stiar til Selhammar,
Volahytta og Mørkdalen . Turen til Torvedalen tek om lag 1,5 t.

Kvitenosa 1440 m.o.h. Å ha våre på Kvitenosa er eit mål i 
seg sjølv, nesten like stort som å ha våre der mange gonger . Du tek av frå anleggsvegen like oppå Gullbråfossen. Spør gjerne om vegen vidare.
Dette er ein heildagstur.

Kjerringanosa 1116 m.o.h. Denne toppen ligg om lag 
på sane ruta som til Kvitenosa. Utsikta frå Kjerringanosa er også storslagen.
Du treng kanskje timar på denne turen.

Gullbråholmen. Er rekna som den finaste stølen i Eksingedalen. Siølen ligg på nordsida av Gullbrå, og det er merka sti over Egga. Det er også merka sti frå Ekse.
Sjå tavle ved sida av bilvegen nedanfor Ekse.
Gangtid 1,5 til 3 timar alt etter kva ruta du går.