Oppveksttunet inviterer til open dag

Av Liv Anne ons 27.09.2023 - 14:40
Fredag 6.oktober inviterer born, elevar og vaksne til open dag på oppveksttunet. Oppveksttunet markerer verdsdagen for psykisk helse med ei temaveke før haustferien, og sidan temaet er "Å høyra til" vart det heilt naturleg å invitera inn til oppveksttunet denne dagen.

- Hit er alle velkomne mellom klokka 11 og 13.45, seier dei to jentene i 5. og 6.klasse.

 

Mobile Worker

Uni

Kantklipping i Eksingedalen

Av Magnar tir 15.08.2023 - 21:15
Vegen gjennom Eksingedalen er smal og svingete. No i august er den blitt visuelt endå smalare på grunn av at kantvegetasjonen mange stader legg seg inn over vegbana. Behovet for kantklipping er stort. Plantar og busker tek borti sidene på bilane når ein køyrer. Det er ikkje råd å sjå veg-grøftene lenger der det er mykje kantvegetasjon.

Eksingedalen Bygdaråd har sendt spørsmål til Presis Vegdrift om når kantklipping blir gjort i dalen. Svaret er slik: Kantslått skal i følgje vår kontrakt med VLFK foregå mellom 20. mai og 30. juni på første klipp. 2. klipp skal foregå frå 1. august og fram til 15. september.
I år under 1. klipp var det ein tørkeperiode og skogbrannfaren vart så stor at vi måtte avbryte klipping. 2. kantklipp startet den 1. august og vil gå iht oppsatt plan.

Reisebrev frå ei pilgrimsvandring

Av Liv Anne man 14.08.2023 - 20:42
I Eksingedalen er det mange som har observert "Tante Sigrid", Sigrid Tyssen, vandrande langs veg eller sti. For Sigrid er stadig ute å går, og no som pensjonist er "jobben å gå", seier ho. I tillegg til å gå i Eksingedalen og i byfjella i Bergen, er Sigrid ein ivrig pilgrimsvandrar om sommaren.

Idrettslagsaktivitet.

Av Magnar man 10.07.2023 - 20:43
Gjengen smilte bredt etter å ha fullført dei to første øvingane på idrettsmerkeprøven tidlegare i sommar. Halvannan time seinare hadde samtlege gjennomført alle øvingane, og klart merkekrava.
Magnar held, dersom du ser godt etter, miniatyrstatuetten som bevis på å ha klart krava til idrettsmerket i 25 år.

Fornya rasteplassar i Eksingedalen

Av Liv Anne ons 14.06.2023 - 13:56

Øvre Eksingedalen grunneigarlag har sytt for fornying av rasteplassane i øvre Eksingedalen. Det var grunneigarlaget som først fekk på plass fire fine rasteplassar med bord og benkar for over ti år sidan. No trengte desse møblane fornying, og i mai køyrde Inger og Trygve Nilsen rundt og leverte monteringsklare bord.

Dette er triveleg for både fastbuande og turistar i Eksingedalen.