Nilsaloppet 2024

Av Liv Anne tor 28.03.2024 - 13:59
Den lokale tre-mila, med namn "Nilsaloppet" gjekk av stabelen i føremiddag. Kor langt av tre-mila deltakarane skulle gå, var heilt valfritt.
Heile 19 stilte til start, og omlag halvparten gjennomførte tre mil.

Alle glade og lukkelege, såg det ut til, uansett kor langt dei gjekk!

 

Mobile Worker

Uni

Har levert særs god mjølk i 5 år

Av Magnar fre 23.02.2024 - 09:27
Annika Brønstad, som driv gard på Flatekval i Eksingedalen har fått ei utmerking frå TINE. Grunnen til dette er at frå fjøset til familien Brønstad er det levert mjølk av høgste kvalitet 5 år på rad. Mjølka som blir henta av TINE, og blir testa for 5 forskjellige parameter. Beste kvalitet må bli oppnådd på alle desse områda for at mjølka kan kallast elitemjølk.
Gratulerer til Annika, Odd Inge og jentene.

Lihkku beivviin!

Av Liv Anne tir 06.02.2024 - 22:08
Sameflagget vert heist ved alle skulane i Vaksdal på samedagen, 6.februar.

På oppveksttunet i Eksingedalen var dagen markert med tradisjonell samisk kost, laga av dei eldste og dei aller yngste på oppveksttunet.

Laurdagsgraut, premiedryss og årsmøte for idrettslaget

Av Liv Anne søn 04.02.2024 - 21:09

Det var godt oppmøte laurdag, då idrettslaget inviterte til årsmøte. Å eta laurdagsgraut i lag i gymsalen var populært, likeeins å sjå seg sjølv på storkjerm i biletkavalkade.
Leiar Anna Bergo presenterte laget sine aktivitetar gjennom eit stort utval av bilete. Så var det premieutdeling, før det heldt fram med årsmøte for Eksingedalen IL.

Lånebua vil få deg ut på gratistur

Av redaktør ons 31.01.2024 - 21:20
Swoooop!

Der forsvann alle unnskyldningane om mangel på utstyr for ikkje å kome deg ut og trimme kotelettane dine, både vinter og sommar.
No kjem nemleg «alt» det nødvendige du treng, på plass i Lånebua på idrettsplassen ved skulen på Bergo. Ski til alpint og langrenn. Skistøvlar, skøyter både til ishockey og lengdeløp. Fotball og fotballsko. Har du ikkje lett nok bukse til ein uventa stunt-kamp der du trengst, så kan du driste deg til å spela i «undikken», då publikumstalet er beskjedent. Og alle utlåna frå Lånebua er gratis. Null kroner, altså, for ein skøytesafari på stålisen på Bergovatnet. Eller ein livgjevande omgang på fotballbana, om det så er ein uproff kamp med fleire sjølvmål og greier.

Velkommen til idretts- og friluftsaktivitetar i helga!

Av Liv Anne ons 31.01.2024 - 21:01
Laurdag inviterer Eksingedalen IL til laurdagsgraut klokka 13 i gymsalen. Der vert det premieutdeling for ulike aktivitetar dette året, mellom anna skal 25 trimmarar få krus for å ha greidd alle postane i Fjelltrimmen!

Klokka 14 er det tid for årsmøte i idrettslaget.

Søndag vert det Kom deg ut-dag, i løypa på Nesheim dersom vèr og føre spelar på lag. Ulike aktivitetar, alle får pølser og alle born får premie. Meir informasjon kjem laurdag.

Steinhard i innhald – lun i form

Av redaktør søn 28.01.2024 - 21:11
Han er steinhard i innhald, men lågmælt, mild og lun i framføringa, Anders Nordstad. Det vista han tydeleg då han vitja Ljosheim i Eksingedalen no laurdag 27. januar.

- Eit brød kostar til dømes 42 kroner. Men om mjølet hadde blitt gratis, ville prisen i butikken framleis vera 42 kroner. Prisen vert nemleg danna av betalingsviljen vår, og ikkje av råvareprisen som bonden får.

Gler meg til å koma til Eksingedalen

Av redaktør tir 23.01.2024 - 18:27
Han har rundt to millionar månedlege lesarar på nettet, Anders Nordstad. Med blogg, Facebook, Instagram og meir. Laurdag 27. januar kjem han til Ljosheim på Flatekval her i Eksingedalen, for å snakka om mat, matproduksjon, bønder og butikkprisar. Med klar tale i tittelen: «Det er maten vår for pokker»

- Med kanskje 40 tilhøyrarar i salen, det vert ikkje stort tal, samanlikna med dei som du får med deg på nettet?
- Eg gler meg til å koma, seier Anders beskjedent. Her får eg jo treffa folk, og snakka med dei. Det likar eg.

"Det er maten vår for pokker"

Av Liv Anne tir 23.01.2024 - 09:09
Interessert i norsk mat? Då må du få med deg foredraget av Anders Nordstad i Grendahuset Ljosheim laurdag 27.januar kl 19:30. Inngang er gratis, og det er høve å kjøpa rømmegraut med spekemat frå kl 19:00 og utover heile kvelden. Det vert også sal av drikke.

Foredrag: "Det er maten vår for pokker"
Det handlar om politikk, makt og pengar.

Stengte vegar og ustabil mobildekning

Av Liv Anne man 22.01.2024 - 18:37
Uveret som herjar stengjer mandag ettermiddag to av vegane inn til Eksingedalen. Vegen mellom Brekkhus og Nesheim har vore stengt sidan søndag kveld, og opnar tidlegast tysdag kl 10. Eit større ras ved Eikemo sperrar vegen oppover frå Eidslandet. I løpet av dagen har fleire ras sperra veg, også andre stader i dalen. Det har rasa ved Høvik, Lavik, Botnabrekkene og Brakestad.

Kommunaldirktør Atle Fasteland opplysar at det er gjort avtale med Presis Vegdrift om at Modalstunnelen, som til vanleg er nattestengt, heldt ope i natt.