Sigrid Moldestad kjem til Eksingedalen!

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 23:00
Sundag 28.april kjem sjølvaste Sigrid Moldestad til Grendahuset Ljosheim!
Dørene opnar 16.30. Det vert også sal av kringle, kaffi og bobler!

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

 

Mobile Worker

Årets eksingedøl 2024

Av Magnar fre 12.04.2024 - 10:10
Eksingedalen Bygdaråd ynskjer forslag til "årets eksingedøl 2024. Utnemninga vil føregå på 17.mai-festen på Bergo. Foreslå den personen som du meiner fortener ei slik utmerking. Tenk på personar som du tenkjer på som viktige bidragsytarar for at dalen skal fungere, i smått og stort.
Send forslag til magnanes@online.no
Uni

Vintervedlikehald på fylkesvegane våre

Av Magnar tir 07.12.2021 - 14:05
Glatt veg eller ikkje glatt veg. Det har vore eit heitt tema i det siste. Eksingedalen Bygdaråd har prøvd å kartleggje kva reglar som gjeld. Det er også gitt innspel til Vaksdal kommune for å få til ei bedring på vintervedlikehaldet hjå oss. Og då er det snakk om når det skal strøast. Brøytinga blir utført godt.

Fylkesvegane våre har fått nye nummer. Modalstunnelen-Nesheim-Nesheimsfjellet-Evanger har nummer 5410. Nesheim-Gullbrå har nummer 5398.
Det vart stilt spørsmål til vedlikehaldsansvarleg i Statens Vegvesen om kvifor vegen er plassert i vintervedlikehalds-klasse E, og kva dette inneber.

Folkemøte 27. november

Av redaktør tor 25.11.2021 - 12:42
Ein liten smak av vinter rundt vassdraget no seint i november.

No laurdag 27. november kl. 12 vert det ope folkemøte på Eksingedalen Oppveksttun, på skulen altså. Her vil ein gå gjennom hovedpunkta i ynskje og krav som er aktuelle no når konsesjonsvilkåra for Eksingedalsvassdraget skal fornyast.
Det vil sjølvsagt bli høve til å stilla spørsmål og koma med framlegg og ynskje som ein kan debattera på møtet. Synspunkt som kan auka kvaliteten på uttalen til vilkårsrevisjonen, er det framleis god opning for.

70-årsfest for Kvinne- og familielaget

Av Liv Anne søn 21.11.2021 - 19:12
20 festkledde medlemmar feira 70 år i Ljosheim laurdagskvelden. Eksingedalen husmorlag vart stifta 17.november 1951. Mykje har endra seg på 70 år, men laget er som før; engasjert og aktivt.

Laget skifta namn til Eksingedalen Kvinne- og familielag i 1997. Framleis er det eit godt sosialt møtepunkt, og laget engasjerer seg i smått og stort i bygda. Soga om 70 år er skrive, og den er imponerande!

Velkommen inn i bikuben!

Av redaktør fre 05.11.2021 - 10:04
7 summande bier frå Eksingedalen oppveksttun ynskte torsdag foreldre og bygdafolk velkommen inn i bikuben, ei temautstilling i gymsalen på skulen. Elevane har følgd livet i ein bikube frå biene vakna i vår og fram til dei har teke haust.

Dette og meir til fortel dei om i utstilligna si. Utstillinga vert ståande på skulen til tysdag 9.november.

Handla lokalt!

Av Liv Anne fre 15.10.2021 - 19:30
Med så flott butikk som det er i Eksingedalen er det lett å handla lokalt! Godt utval av varer, stor sørvis og lang opningstid inviterer til handel på nærbutikken.

Laurdag denne veka inviterer Eksingedalen Snarkjøp til "Handle lokalt-dag".

Alvorleg tema - engasjert forfattar

Av Magnar tor 30.09.2021 - 08:48
"Vi, dei fattige"
Maria Lavik snakka om, og las frå boka si i Ljosheim. Samtalen mellom forfattaren og Liv Anne Bergo frå scena i ungdomshuset vart lytta til med andakt. For her var det mykje å tenkje på.
For Maria, som er særs opptatt av sosiale ulikskapar og utanforskap, var barnefattigdom likevel eit vanskeleg tema å skriva bok om. Men som forfattardebutanten sa; - å starte med eit så vaskeleg tema, då har eg gjort unna det verste som forfattar.
Boka vart lansert før Stortingsvalet, og Maria sitt mål er at så mange politikarar som råd skal lese boka hennar. - Fattigdom er farleg, sa Maria.