Mobile Worker

Årets eksingedøl 2024

Av Magnar fre 12.04.2024 - 10:10
Eksingedalen Bygdaråd ynskjer forslag til "årets eksingedøl 2024. Utnemninga vil føregå på 17.mai-festen på Bergo. Foreslå den personen som du meiner fortener ei slik utmerking. Tenk på personar som du tenkjer på som viktige bidragsytarar for at dalen skal fungere, i smått og stort.
Send forslag til magnanes@online.no
Uni

Alvorleg tema - engasjert forfattar

Av Magnar tor 30.09.2021 - 08:48
"Vi, dei fattige"
Maria Lavik snakka om, og las frå boka si i Ljosheim. Samtalen mellom forfattaren og Liv Anne Bergo frå scena i ungdomshuset vart lytta til med andakt. For her var det mykje å tenkje på.
For Maria, som er særs opptatt av sosiale ulikskapar og utanforskap, var barnefattigdom likevel eit vanskeleg tema å skriva bok om. Men som forfattardebutanten sa; - å starte med eit så vaskeleg tema, då har eg gjort unna det verste som forfattar.
Boka vart lansert før Stortingsvalet, og Maria sitt mål er at så mange politikarar som råd skal lese boka hennar. - Fattigdom er farleg, sa Maria.

Fire mann, fire spett og stein på over 700 kilo

Av Liv Anne tor 23.09.2021 - 21:48
No er dei endeleg i gang, Sherpa-laget som skal vøla stien til Yksendalsstølen.
Hadde det ikkje vore for koronapandemien, hadde arbeidet kome i gang på forsommaren i fjor. Men då var det altså innreiseforbod til Noreg. Først i august i år vart det opna opp for dei, med visum, arbeidsløyve, vaksine og karantene. Til saman var det 39 stibyggjarar som kom til Noreg no i august, og fire av desse er no i full gang i Yksendalen.

Skarpladde damer i Eksingedalen

Av Liv Anne søn 05.09.2021 - 21:28
1.september var den første dagen i hjortejakta. Frå midnatt den dagen var ingen av hjortarne i Eksingedalen trygge. For på kvar gard hadde jegrane rigga seg til, klare til eit av hausten sine store høgdepunkt.

Fleire hjortar fall 1.september. Det som var spesielt, var at begge dei to kvinnelege jegrane i Eksingedalen skaut kvart sitt dyr den første jaktdagen.