Sigrid Moldestad kjem til Eksingedalen!

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 23:00
Sundag 28.april kjem sjølvaste Sigrid Moldestad til Grendahuset Ljosheim!

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

 

Mobile Worker

Uni

Førehandsrøysting i Eksingedalen

Av Magnar man 30.08.2021 - 18:47
Logoen til nokre av partia som stiller til val i Hordaland valkrins.

Torsdag 2. august er det mogleg å førehandsrøyste til Stortingsvalet i Eksingedalen. Frå kl. 13.00 til 17.30 er tilsette i Vaksdal kommune til stades på Eksingedalen oppveksttun.
Elevane på oppveksttunet lagar til kafè i same tidsrom. Det vert servert middag og kaffi.

Oppveksttunet

Av Magnar man 16.08.2021 - 11:27
Eksingedalen Oppveksttun vart åpna av ordførar Hege Eide Vik, assistert av 1. klassingen Kasper og rektor Liv Anne. Samstundes vart ein kraftig oppgradert leikeplass offisielt teken i bruk. Det skjedde på leikeplassen sitt "skrekkinngydande" apparat, som treng eit norsk namn.
Ein nyopna barnehage har vore i bruk to veker alt, etter ein 10 år lang pause. Det vart retta stor takk til både folkevalde og administrasjon i Vaksdal kommune for smidig og raskt arbeid for å få alt på plass til opningsdagen.

Engasjerte Maria frå Lavik gjev ut bok

Av Liv Anne tor 12.08.2021 - 22:55
I morgon, fredag 13.august er det boklansering på kaféen Månefisken ved Akerselva i Oslo. Og den som har skrive bok er eksingedalsjenta Maria Lavik. Ho har nett henta ut 50 rykande ferske eksemplar – og fortel at «det kjennest deilig!»

Boka er gjeve ut på Samlaget, og ho har arbeidd med denne i to år.
I boka si "Vi, dei fattige" framfører ho åtte sterke forteljingar om barnefattigdom