Oppveksttunet har hatt ryddeaksjon!
Eksingedalen oppveksttun har rydda søppel. Mandag 19.mai var ryddedag for heile oppveksttunet. Barnehagen plukka søppel rundt barnehagen og skulen, medan resten av elevane rydda langs fjellvegen, på Fylkesveg 5410.
Ei gruppe starta på Utsikten (mot Teigdalen). Heile vegstrekninga frå Mjelkegjelet og Ormaset til Nesheim vart rydda for brøytestikker og anna boss.
I lekse denne veka ryddar elevane heime – og oppveksttunet oppmodar alle i Eksingedalen om å rydda sin del av dalen vår.

Nasjonaldagsfeiring 2025 i Eksingedalen
Ein triveleg og tradisjonell fest vart det lova frå komiteen, og det fekk me. Varmt og fint, og passeleg med avkjølande vind for dei som hadde bunad.
Friluftskveld for born
Onsdag 5.desember klokka 18 -20 vert det friluftskveld i Gapahuken i Almane.
Minimarknad i tunet
Fjellfell og resten av tunet inviterer til Minimarknad laurdag 30.november mellom 12 og 16.
Det vert sal av varer i Fjellfell-butikken og på låven - og i Stallen er det kafe med sal av laurdagsgraut, kaffi og kaffimat.
Maria og boka kom heim!
Fredag kom Maria heim. Heim til Lavik for å prata om boka si, og for å laga korv. Og kva kunne vel høvd betre enn å snakka om boka si heime, der heile boka kjem i frå. Ljosheim var den perfekte staden. Der har Maria leika og herja i barnehagen, der sit historia i veggane – og tipp-tipp-oldefar Andres Lavik heng innramma høgt der oppe på veggen.
-For meg er det personleg å komma i Ljosheim. Her er gammalt og nytt blanda. Det er rotfeste og det er nye folk og nye tider, sa Maria.
«Odelsskam» og Maria med hjarta for Eksingedalen
- Dette er den offisielle lanseringa. Det er heime i Eksingedalen, og det er spesielt for meg. Eg har snakka om boka mange gonger, men dette vert annleis. For meg vert det veldig personleg, for det er nettopp her det er, det som boka handlar om. Det er skummelt, men eg gler meg, seier Maria Lavik.
Boka handlar om familiegarden på Lavik, der Maria er odelsjente, om garden som har vore i familien i femten generasjonar - og om Maria skal ta over eller ikkje.
Fredag 22.november kjem Maria Lavik til Ljosheim, for bokmøte.
I vinter vert det meir strøing når vegen er glatt
No skal det verta tryggare å køyra gjennom Eksingedalen på vinterstid. Det gjeld både fylkesvegen frå Modalstunnelen over Nesheimsfjellet til Evanger, og vegen frå Nesheim til Gullbrå.
Desse vegane rykka opp eit hakk på vegklassifiseringa. Og det betyr at vegane vil bli betre og oftare strødd når det er skikkeleg glatt med snø- og isføre.
Bokbyte og frisk framtid for Fjelltrimmen!
Fjelltrimmen i regi av Eksingedalen IL heldt fram. Bøker vert no bytt, ei bok vert henta inn for siste gong - medan to turmål kjem til i samlinga av trimpoeng.
Dette bestemte styret i idrettslaget sist veke.
Året 2024 er år nummer 15 i samling av krus, og med det er alle turmåla komme på samlekrus.
Dette bestemte styret i idrettslaget sist veke.
Året 2024 er år nummer 15 i samling av krus, og med det er alle turmåla komme på samlekrus.
Turar, bakst, handverk og kultur!
Kulturarvfestivalen i indre Vestland har inspirert Eksingedalen til ei rekkje arrangement dei første dagane i september i år. Det heile starta med barneteateret Himmelspringaren i Ljosheim. Deretter har det vore tur både med idrettslaget og Vaksdal Turlag, kulturkveld i Ljosheim med opning av digitalt museum, bakstedag på tvers av generasjonar – og handverksdag på oppveksttunet.
Kommande fredag er siste arrangementet i Eksingedalen: Ljosheim anno 1897 – ei kunstmusikalsk reise med pianist og kulturformidlar Frode Skag Storheim. Noko som absolutt er verdt å få med seg! Her kan ein òg sjå utstilling av noko av treskjeraren Andreas Høvik sine verktøy og arbeid.

KRANSELAG!
Kaker, fest og krans! Butikkstyrar Hege Marie Lavik har verkeleg grunn til å smila. Taket er tett, arbeidarar og bygdafolk fekk kaker og kaffi servert.
Og på butikken kom kransen opp!
Og på butikken kom kransen opp!
Trapper til himmels!
Allereie etter få minuttar på Facebook-sida til Stølsvegen Venelag kom kommentaren: Stairway to Heaven. Trapper til himmels, som det vert på norsk.
Laurdag kveld, siste dagen i august, vart trappeprosjektet på dei mest utsette og vanskelege stadane ferdig, opp til Blånipa/Nesheimsnipa. Dette er byggjetrinn nummer to, frå området over Yksendalstølen og opp til den vel 1000 meter høge Nipa. Første byggjetrinn har vore trappene frå Yksendalen og opp til Kvile.

Flatekval - Farestveit, ferdaveg og kultur!
"Frå fjell til fjord i gamle spor" er temaet for Kulturarvfestivalen i indre Vestland. Laurdag 7.september vert det tur i gamle spor, langs ferdavegen frå Flatekval til Farestveit i Modalen. Undervegs vert det forteljingar frå før i tida.
Vaksdal Turlag inviterer til tur, deretter følgjer ein Veteranbussen attende til Flatekval. I Ljosheim vert det servert rømmegraut, og det vert meir forteljingar og kultur!
Vaksdal Turlag inviterer til tur, deretter følgjer ein Veteranbussen attende til Flatekval. I Ljosheim vert det servert rømmegraut, og det vert meir forteljingar og kultur!