Nilsaloppet 2024

Av Liv Anne tor 28.03.2024 - 13:59
Den lokale tre-mila, med namn "Nilsaloppet" gjekk av stabelen i føremiddag. Kor langt av tre-mila deltakarane skulle gå, var heilt valfritt.
Heile 19 stilte til start, og omlag halvparten gjennomførte tre mil.

Alle glade og lukkelege, såg det ut til, uansett kor langt dei gjekk!

 

Mobile Worker

Uni

Ein fin desember-kveld

Av Liv Anne ons 11.12.2019 - 09:40
Å laga kransar og dekorasjonar til jol er kjekt når ein gjer det i lag. I engasjert arbeid kring borda, sat praten og latteren lett hjå damene i Kvinne- og familielaget. Gløgg, kaffi og ferske lussekattar smakte godt inntil.

Tradisjonsmat på alles lepper

Av Magnar ons 27.11.2019 - 21:24
- Det er mykje mat her, de kan eta i heile kveld, sa Liv Anne då ho ynskte velkomen til bokslepp i Ljosheim. Og slik vart det også. Det var mykje å smaka på, og alt som vart servert var laga etter oppskrifter frå boka "Bygdebakst og gommorgraut". Fem damer i Eksingedalen Kvinne- og Familielag har vore boknemnd og samla inn oppskrifter frå alle gardar i Eksingedalen.

Boka er komme!

Av Liv Anne ons 20.11.2019 - 18:05
Eksingedalen Kvinne- og familielag si bok «Bygdebakst og Gommorgraut» er klar! Boka inneheldt 168 sider med meir enn 120 oppskrifter frå Eksingedalen. I tillegg til oppskrifter frå så godt som alle gardane i bygda, byr boka på lokal historie, forteljingar og gode råd. Boka er krydra med «smaksprøvar» i form av bilete, og inneheldt også ein god del eldre bilete av kvinner i arbeid på gardane.

Vedlikehald i fokus

Av Magnar tir 29.10.2019 - 10:59
Nest siste helga i oktober var det fokus på å ta vare på bygningar og utstyr. Styret i Eksingedalen Bruk, altså sagbruket på Lavik, inviterte til dugnad på bygg og utvendig lagerplass. Og det lokale bondelaget arrangerte kurs i sliping av knivar i Ljosheim.

Bygdakafè - hurra!

Av Frøydis man 28.10.2019 - 18:39
Middagsplan er for nokre av oss fråværande -og tanken på kva me skal finne på til middag, dukkar ofte opp i bilen på veg heim frå jobb. Kva er vel då betre enn å kome på at i dag er det bygdakafè på skulen!