Sigrid Moldestad kjem til Eksingedalen!

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 23:00
Sundag 28.april kjem sjølvaste Sigrid Moldestad til Grendahuset Ljosheim!

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

 

Mobile Worker

Uni

Stølsgudsteneste på Trefallstølen

Av Magnar man 12.08.2019 - 19:55
Vinterbilete av dei tre sela på Trefallstølen. Foto: Kåre Trefall

"Det blir stølsgudsteneste. Sjølv om regnet har vart lenger enn værmeldingane tilsa, satsar me på opplett midt på dagen." Dette er siste melding frå Nesheim sokneråd.

Søndag 18. august er det planlagt stølsgudsteneste på Trefallstølen. Nesheim sokneråd inviterer til samling på stølsvollen kl. 12.00. Turen opp til stølen tek under 1 time, men dersom du vil ha god tid er det lurt å starta kl. 10.30. Då vil det vera folk på plass for å rettleia om stival. Starten på turen er ved brua i Røyrdalen, der DNT-stien til Selhamar startar. Hugs å ta med mat og drikke til kyrkjekaffien etter gudstenesta.
Skulle det bli så dårleg vèr at det ikkje blir gudsteneste ute, held me til i kyrkja på Nesheim. Kontaktperson er Magnar Nese, tlf. 97588303. Det blir også lagt ut info på eksingedalen.no

Nesheim sokneråd

Livet rullar

Av Magnar søn 21.07.2019 - 08:33
Magen inn, kassa fram, haka opp. Smørblide rulleskiløparar er framme på Gullbrå. Sol og medvind stod på menyen under turen. Etterpå var det "after ski".

Bruarbeid

Av Magnar tir 18.06.2019 - 12:26
To bruer på Fv. 313 mellom Eksingedalen og Teigdalen skal få nytt dekke. Dette medfører lang stenging. Vegen er stengt frå 18. til 28.juni.

Medaljedryss for "Vår Eksingedal!"

Av redaktør fre 07.06.2019 - 08:41
VilVite i Bergen inviterte til show, læring og leik på VilVite. Medaljene var delte ut av direktøren for VilVite, Lars Leegaard Marøy, som var imponert over at ein skule med berre fire elevar på barneskulen kan ta sølv. Dette er tredje sølvmedalja til elevane i Nysgjerrigperkonkurransen!

Elevane har i år forska på seg sjølve, gamledagar, og samanlikna seg med andre. dei har m.a. funne fram til kva som er bra med å bu i "vår Eksingedal".

På sine sider skriv VilVite dette:
"Det handler om å betrakte seg selv, men også se verden rundt deg. Dette handlet elevenes prosjektoppgave om. I dag, derimot, var elevene mest opptatt av å utforske vitensenteret. Selv om skolen er liten, betyr det ikke at engasjementet og styrken er liten. Hurra for Eksingedalen!"