Rydd Eksingedalen!

Av Liv Anne ons 31.05.2023 - 10:24
Frode Trefall, med hytte på Trefall, oppmodar om å bli med på ryddedugad i Eksingedalen!
Han brukte helga til å rydda får Bråtaleitet til Brakestad, og håpar fleire vil vera med å rydda!

- Dette er tida å gjera det, før graset vert for høgt, seier Frode.

Utfor Bergofossen

Av Liv Anne søn 28.05.2023 - 12:21
Dei første padlarane er observerte for sesongen, og det var ekstra kjekt å møta ein ung padlar frå eigen kommune.
Ruben J. Davidsen frå Dale hadde med seg ein tysk ven på padling i Eksingedalen laurdag i pinsehelga.

 

Mobile Worker

Onsdagsturane er i gang

Av Liv Anne ons 24.05.2023 - 21:28
I dag, onsdag 24.mai, vart den fyrste onsdagsturen for sesongen gjennomført. Som vanleg startar Turgruppa med turar nedst i Eksingedalen, med tur til Fetstølen. Fire turar til er planlagt i vår, og i august og september vert det fem turar til.
Uni

Frå tun til tun, i kjellar og fjøs.

Av Magnar søn 27.11.2022 - 22:23
"Skal me finna på nåke, no ei stund før jul?"

Idèen fekk blomstra, og vart sett ut i livet siste laurdagen i november. Her kunne ein handle, julegåver kanskje, i ei oppussa avdeling av gamlefjøset på bruk 1. På Bergo i Eksingedalen. Så gjekk det an å traske dei 150 metrane til bruk 2 der det var kafè med varm betasuppe. Mykje anna var det også å få kjøpt i kjellarrommet som denne dagen var innreia med bord og stolar.

Praktbok om Eksingedalen

Av redaktør lør 12.11.2022 - 20:46
- De her oppe i Eksingedalen, de får jo te alt!

Ordførar Hege Eide Vik var ikkje berre ein formell ordførar då ho kom med uhemma ros til bygda. Ho var også skikkeleg entusiastisk og kulturstolt på boksleppet i Ljosheim torsdag 10. november.
Boka, som det var bokslepp for, er «Drivkraft i Eksingedalen».

Drivkraft i Eksingedalen

Av Liv Anne tir 08.11.2022 - 10:28
Tittelen er "Drivkraft i Eksingedalen", og no er alt er klart for bokslepp! Bøkene er på plass, og vil få utsalsprisen 390 kroner. Dei som handlar bok på bokslepp i Ljosheim torsdag 10.november vil få kjøpa boka til "bokslepp-pris", som er 350 kroner! Ein kan kjøpa så mange ein vil, og tilbodet gjeld der og då.

Det vert også sal av strikkepakker og mønster på Skul-Anna genser, barnegenseren Knytingen og småstrikk med vevrosemønster.

"Som å køyra på fløyel"

Av Magnar tir 08.11.2022 - 10:07
Desse orda kom frå ein person som skulle ta turen over Nesheimsfjellet etter å ha vore på jobb i Eksingedalen. Det som det vart sikta til var den nylagde asflaten på delar av vegen.
Det er eit særs viktig arbeid som er blitt utført av IB Maskin (grunnarbeid) og NCC (asfaltering). Dette er gjort på oppdrag frå Statens Vegvesen.

Ljosheim,125 til glede for Eksingedalen!

Av Liv Anne lør 05.11.2022 - 08:40
I november skjer det mykje spennande i Ljosheim! For no skal det feirast: Det staselege grendahuset fyller 125 år. Både inne og ute er det både arbeid og dugnad, slik at sjølve huset skal vera klart til jubileet.

10.november vert det bokslepp – og helga deretter stor jubileumsfest. 1.desember kjem det barneteater til Ljosheim. Det er noko å gle seg til, for alle aldersgrupper.