Sigrid Moldestad kjem til Eksingedalen!

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 23:00
Sundag 28.april kjem sjølvaste Sigrid Moldestad til Grendahuset Ljosheim!

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

 

Mobile Worker

Årets eksingedøl 2024

Av Magnar fre 12.04.2024 - 10:10
Eksingedalen Bygdaråd ynskjer forslag til "årets eksingedøl 2024. Utnemninga vil føregå på 17.mai-festen på Bergo. Foreslå den personen som du meiner fortener ei slik utmerking. Tenk på personar som du tenkjer på som viktige bidragsytarar for at dalen skal fungere, i smått og stort.
Send forslag til magnanes@online.no
Uni

Velkommen på basar!

Av Liv Anne man 01.04.2019 - 18:36
Fredag 5.april inviterer Kvinne- og familielaget til tradisjonell basar i Ljosheim. Det heile startar med eiga barnetrekning, der alle barn er sikra gevinst. Deretter vert det fleire omgongar med åresal - med kaffi og noko attåt innimellom. Til slutt trekking av loddbøkene.

Velkomne til sosial kveld der du òg kan vinna mange fine gevinstar!

Tradisjonar er overlevert!

Av Liv Anne søn 17.03.2019 - 22:23
Tradisjonar er overlevert! Alle kunne prøva og alle fekk øva. Laurdag var "kven som helst" invitert til bakedag i Ljosheim. Kvinne- og familielaget stod bak invitasjonen, og bakgrunnen var målet om å laga ei bok med lokale oppskrifter. Oppslutninga var god, med folk nabobygdene, Voss og frå Bergen i tillegg til Eksingedølar. Etter bakedagen kunne alle kosa seg med eit overdådig kakebord.

Litt tjukke leivar, litt tynne her og der – og innimellom litt hol også. Men, kva gjer vel det ein slik dag? Ingunn hadde kontroll på flatbrødet, Anny på Norlandslefsene og Karin lærte vekk kunsten å baka Nekabrød og smørja Kling. Engsjementet og bakargleda var stor!




Kvinne- og familielaget inviterer til baking og smaking!

Av Liv Anne tir 05.03.2019 - 21:09
Det er sterke mattradisjonar i Eksingedalen. Mange av oppskriftene, historiene og tradisjonane er diverre i ferd med å gå i gløymeboka. Dette vil Kvinne- og familielaget no gjera noko med. Laget er i gang med å samla oppskrifter frå generasjonen vår, mødrene og bestemødrene, med mål om å gje ut ei bok.
Dette markerer laget med å invitera til bakedag i Ljosheim laurdag 16.mars. Og ikkje nok med det: Det vert ettermiddagskafé med smak frå fersk bakst og i tillegg rikeleg med festkaker!
Alle er velkomne til å vera med bakedagen, frå kl 11. Er du mest interessert i å smaka, så kom til kafé frå 15 – 16.30. Det vert garantert mykje godt!

Damene kallar til dugnad!

Av Liv Anne søn 03.03.2019 - 22:22
Årsmøtet i Grendahuset Ljosheim valde 6 damer inn i det nye "Husastyret" . No er damene klare til innsats, og det første dei tek tak i er rydding og vasking. Dei inviterer difor til dugnad fredag 8.mars, på sjølvaste kvinnedagen. Damene treng dugnadshjelp til vasking, rydding, boskøyring og diverse snikre-/skruhjelp.

Dugnaden vert frå kl 16 fredag den 8.mars og utover kvelden. Det vert servert kaffi og noko å bita i - og det vert musikk til arbeidet! Alle er velkomne, kjekt, sosialt og nyttig på ein gong!

Mange lagsmeistrar i Eksingedalen IL

Av Liv Anne lør 02.03.2019 - 17:37
Det var god deltaking i alle årsklassar i lagsmeisterskapet til Eksingedalen IL laurdag 2.mars. Og med få i klassane vart dei aller fleste vinnarar - og alle fekk premie. Skirenn er kjekt anten ein er deltakar, arrangør eller heiagjeng. Rennet var i klassisk stil. Det var god glid i isete løyper og klister måtte til om smurningen skulle hengja. Så difor fekk "stakemusklane" køyrt seg, runde etter runde.

Interessert i forvaltning av rype og skogsfugl?

Av Liv Anne fre 01.03.2019 - 12:08
Då bør du ta turen til Dale torsdag 7.mars, kl 19, Sosialrommet i Turbinen!
«Ryper og skogsfugl; biologi, jakt og forvaltning – og kva kan gjerast lokalt»?
Torstein Storaas, professor ved Høgskulen i Innlandet, rypeforskar og kvemming, held innlegg på ope møte om forvaltning av rype og skogsfugl.
AKTUELLE TEMA:
• Bestandsutvikling
• Naturlege svingingar
• Predasjon og tydinga av jakt
• Aktuelle forvaltningstiltak og verknaden av lokalt samarbeid

Det er Vaksdal kommune, Dale Jeger og Fisk og grunneigarlag i Vaksdal inviterer til møtet! Enkel servering vert det også.


Vinterferiestart med påskekjensle

Av Liv Anne søn 24.02.2019 - 18:13

Turgruppa i Eksingedalen IL inviterte til skitur frå Ekse til Nesheim den første søndagen i vinterferien. Ein nydeleg dag, lettskya og solglytt innimellom. Varmen i lufta og vatn alle stader minna om påsketida på mange måtar. Oppover stølslia mot Eksestølen høyrde ein kor de sildra og rann under snøen. Rann gjorde det oppå snøen også. Alle vatn og elver var blågrøne, og til å vera så høgt til fjells skulle ein tru det var sist i april.

Nasjonal utedag i Eksingedalen også!

Av Liv Anne søn 03.02.2019 - 20:09
Den Norske Turistforeninga inviterte søndag til ein dag UT i nærmiljøet, eit lågterskeltilbod med mål om fysisk aktivitet i friluft for alle. 40 000 deltok i Noreg, 44 av dei i Eksingedalen! Her var dagen eit samarbeid mellom Vaksdal Turlag og Eksingedalen IL. Skigruppa hadde laga skileikanlegg med kuleløype og hopp. Elles var deltakarar engasjerte i rebus med både lette og vanskelege spørsmål, ulike aktivitetar på ski, prat og kos rundt bålet.