Sigrid Moldestad kjem til Eksingedalen!

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 23:00
Sundag 28.april kjem sjølvaste Sigrid Moldestad til Grendahuset Ljosheim!

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

 

Mobile Worker

Uni

Nasjonal utedag i Eksingedalen også!

Av Liv Anne søn 03.02.2019 - 20:09
Den Norske Turistforeninga inviterte søndag til ein dag UT i nærmiljøet, eit lågterskeltilbod med mål om fysisk aktivitet i friluft for alle. 40 000 deltok i Noreg, 44 av dei i Eksingedalen! Her var dagen eit samarbeid mellom Vaksdal Turlag og Eksingedalen IL. Skigruppa hadde laga skileikanlegg med kuleløype og hopp. Elles var deltakarar engasjerte i rebus med både lette og vanskelege spørsmål, ulike aktivitetar på ski, prat og kos rundt bålet.

Premiedryss på årsmøtet i Eksingedalen IL

Av Liv Anne lør 02.02.2019 - 18:14
Laurdagsgraut, biletkavalkade, premieutdeling og stipend til unge, aktive gutar opna årsmøtet til Eksingedalen IL. Mange har gått på tur dette året også: I alt 2 732 namn er registrert i bøkene til Fjelltrimmen. 23 medlemmar nådde målet om det årlege kruset! Elias Bergo var yngstemann som fekk krus, og vann også yngste klasse. Vegard Gullbrå Tollefsen vann ungdomsklassen, medan Haldis Øvstedal hadde høgaste poengsummen av alle. Dei under skulealder fekk småtrolldiplom. Ivrige skiløparar fekk distansemerke på ski, Nils på Nesheim var heidra for lang og tru teneste - og Solfrid Urke Nese fekk krus for å ha teke idrettsmerke 20 gonger!

Kom-Deg-Ut-Dagen på Nesheim 3.februar

Av Liv Anne man 28.01.2019 - 18:38
Søndag 3. februar inviterer Vaksdal Turlag i samarbeid med Eksingedalen IL til ein gratis, lågterskel friluftsdag på Nesheim i Eksingedalen.
Kom deg ut – dagen er eit tradisjonsrikt arrangement i DNT og søndag 3. februar er det klart for vinterutgåva. På ein og samme dag vert det arrangert 175 arrangement over heile landet. Totalt er det venta 42 000 små og store deltakarar.
- Kom deg ut dagen er ein introduksjonsdag til friluftslivet, og det krevst ingen forkunnskap for å vera med. Om du er van med å vera i naturen eller ikkje; me lagar til enkle og kjekke aktivitetar for alle. Alt er gratis, du treng berre å ta med deg varme klede og gode sko, seier leiar i Vaksdal Turlag, Arild Soltvedt.

Skiløype på Nesheim

Av Liv Anne søn 27.01.2019 - 19:03
Folket i Eksingedalen er heldige som har eit flott "skianlegg" på Nesheim! Løypa er no er to og ein halv kilometer lang, og preparering skjer omgåande, ved behov. Skiløypa har si eiga facebook-side, som skildrar løypa slik:

"Traseen starter ved Storamyra og går strake vegen ut til Moa. Runder Moneset. Ved Laugenatjødnet går løypa i dobbeltspor attende til Kjerringaneset. Etter Vågen dreier sporet til høgre opp Leitet, mot Vesle Mohaugen, runder store Mohaugen, ned til Klaven. Vidare bort langs Tuane og snor seg rundt Kyrkjeteigen. Nedatt til Harktjødna og oppatt på Storamyra."

Årsmøtetida er over oss!

Av Liv Anne tir 22.01.2019 - 18:20
Først ute i år er Eksingedalen IL, med årsmøte laurdag 2.februar. Då er alle medlemmar inviterte til laurdagsgraut i gymsalen på skulen kl 13. Det vert biletkavalkade frå året som har vore og premieutdelingar. Deretter vanlege årsmøtesaker.

Sundagen, den 3.februrar, skipar idrettslaget til KOM-DEG-UT-DAG saman med Vaksdal Turlag. Dette skjer ved Skiløypa på Nesheim, frå kl 12 -14. Her vert det ulike aktivitetar og bålkos, eit arrangement for heile familien! Ope for alle som har lyst!

Dugande JOL! vart bygdedugnad

Av Liv Anne fre 21.12.2018 - 09:49
Skulen sitt desemberprosjekt "Dugande JOL!" vart ein stor bygdedugnad. Elevane har samla inn jolegåver og produsert varer for sal. Heile bygda har delteke! Mange har levert inn gåver, og mange handla ivrig på jolefesten til skulen. Hege opna butikken ein onsdag føremidag, slik at elevane kunne handla.

134 jolegåver og matkasser til verdi av 3250 kroner er levert vidare til Vaksdal Frivilligsentral.
STOR TAKK TIL ALLE! FANTASTISK INNSATS!