Mobile Worker

Årets eksingedøl 2024

Av Magnar fre 12.04.2024 - 10:10
Eksingedalen Bygdaråd ynskjer forslag til "årets eksingedøl 2024. Utnemninga vil føregå på 17.mai-festen på Bergo. Foreslå den personen som du meiner fortener ei slik utmerking. Tenk på personar som du tenkjer på som viktige bidragsytarar for at dalen skal fungere, i smått og stort.
Send forslag til magnanes@online.no
Uni

Lystige turgåarar

Av Magnar tor 23.08.2018 - 18:20
Etter den våte Eksingedalsmarknaden vart det ein opptur å gå til Gullbråholmen i lett yr. På heimturen kikka også sola fram. Tankane frå før på dagen, då det bøtta ned, om "skal me gidda dette", vart snudd til lettare sinnsstenmning.

Stølsdag på Gullbrå

Av Magnar ons 22.08.2018 - 12:01
TINE sitt produsentlag for Vaksdal/Modalen inviterte til stølsdag på Gullbrå søndag 19. august. Vertskapet Anita og Olav hadde teke både garasje og verkstad i bruk til bordseta. Omlag 80 personar deltok. Grillmat, kaffi og kaker vart det på alle.

Vått. Vått. Uendeleg vått!

Av Liv Anne lør 18.08.2018 - 21:11
Men, ingen vart i dårleg humør av det! Regn og vind er slett ikkje uvanleg for Eksingedalsmarknaden. Utstillarar tok det med godt humør og rigga seg til, innerst i telta. Arrangørane arbeidde som berre det, i full regnhyre og støvlar på beina. Straumen kom og gjekk, i alt regnet.
"Alt regnet me har venta på i heile sommar kom no!", sa varaordførar Sigmund Simmenes. Det viktigaste er at alle kjem, med smil om munnen og godt humør.
Eksingedalsmarknaden er ein hyggeleg og god møteplass kvart andre år, ein laurdag i august! Det var folket eininge om!

På rulleski opp dalen

Av Frøydis man 23.07.2018 - 00:27
16. juli stilte 5 tøffe gutar på Eidslandet for årets tur på rulleski opp heile Eksingedalen. På Lavik kom der med enno ein turdeltakar. Der er ein heil del ny asfalt i dalen no, så der er gode forhold både for rulleski og sykkel. Er du sprek er det berre å ta turen.
Video frå 16.juli finn du under

Eksingedalsmarknad 2018

Av Svein søn 22.07.2018 - 11:11
18. august klokka 12.00 er det igjen duka for Eksingedalsmarknad.
Me har også i år fått med oss eit breit utval av utstillarar med gode marknadstilbod. Lokale bakervarer, spekemat, heimelaga moltesyltetøy, økogarn , kle frå Me&I med meir er det du vil finne på marknaden.
Høgtideleg avduking av minneplakett.
Fagerdalsløpet med start frå klokka 11.00 er også ein del av marknaden med målgong straks etter at marknaden har starta.
Meir info og program finn du ved å klikke på bilete og gå inn på saka.

9.klasse opna tursti

Av Magnar tor 21.06.2018 - 20:07
9.klasse opna ny tursti i Eksingedalen

Onsdag 20. Juni starta Eksingedalen skule sin sommaravslutning med nyopning av ein gammal tursti. Det er 9. klasse ved skulen som har grava fram og merkt stien. Sjølv om veret ikkje var på topp, møtte rundt 35 til opning og for å gå turen.

Denne pressemeldinga har eksingedalen.no motteke frå skulen.

Fin dag med Vaksdal Turlag

Av Liv Anne søn 17.06.2018 - 21:23
Vaksdal Turlag skipar i oppstartsåret til fellestur i alle bygdene i kommunen. Søndag 17.juni var det Eksingedalen sin tur. 24 bilde turfolk møtte opp, frå Dale, Stanghelle, Vaksdal og Bergen - i tillegg til eksingedølar.

For ein del var dette den aller første fjellturen i Eksingedalen.