Nilsaloppet 2024

Av Liv Anne tor 28.03.2024 - 13:59
Den lokale tre-mila, med namn "Nilsaloppet" gjekk av stabelen i føremiddag. Kor langt av tre-mila deltakarane skulle gå, var heilt valfritt.
Heile 19 stilte til start, og omlag halvparten gjennomførte tre mil.

Alle glade og lukkelege, såg det ut til, uansett kor langt dei gjekk!

 

Mobile Worker

Uni

Eksingedalsmarknad 2018

Av Svein søn 22.07.2018 - 11:11
18. august klokka 12.00 er det igjen duka for Eksingedalsmarknad.
Me har også i år fått med oss eit breit utval av utstillarar med gode marknadstilbod. Lokale bakervarer, spekemat, heimelaga moltesyltetøy, økogarn , kle frå Me&I med meir er det du vil finne på marknaden.
Høgtideleg avduking av minneplakett.
Fagerdalsløpet med start frå klokka 11.00 er også ein del av marknaden med målgong straks etter at marknaden har starta.
Meir info og program finn du ved å klikke på bilete og gå inn på saka.

9.klasse opna tursti

Av Magnar tor 21.06.2018 - 20:07
9.klasse opna ny tursti i Eksingedalen

Onsdag 20. Juni starta Eksingedalen skule sin sommaravslutning med nyopning av ein gammal tursti. Det er 9. klasse ved skulen som har grava fram og merkt stien. Sjølv om veret ikkje var på topp, møtte rundt 35 til opning og for å gå turen.

Denne pressemeldinga har eksingedalen.no motteke frå skulen.

Fin dag med Vaksdal Turlag

Av Liv Anne søn 17.06.2018 - 21:23
Vaksdal Turlag skipar i oppstartsåret til fellestur i alle bygdene i kommunen. Søndag 17.juni var det Eksingedalen sin tur. 24 bilde turfolk møtte opp, frå Dale, Stanghelle, Vaksdal og Bergen - i tillegg til eksingedølar.

For ein del var dette den aller første fjellturen i Eksingedalen.

Trim og kultur i kvart steg

Av Magnar søn 17.06.2018 - 08:48
Almarunden og Brynhildastien er namnet. Runden, som startar i Kverhusbukta på Bergo, vart opna med tale, snorklipping og avduking av informasjonstavle laurdag 16. juni. Turgåarar kan studera informasjonstavler undervegs på turen, mellom anna historien som gjorde at denne stien fekk akkurat dette namnet.

Mange friluftstilbod i vente

Av Liv Anne fre 15.06.2018 - 21:42

I Eksingedalen er det mange gode tilbod for friluftsinteresserte dei kommande dagane:
Laurdag 16.juni kl 16: Opning av kulturstien "Almarunden" på Bergo
Søndag 17.juni kl 11: Til støls i Eksingedalen med Vaksdal Turlag
Onsdag 20.juni kl 19: Skuleelevar opnar Høgakleiva

Imponerande ryddeinnsats!

Av Liv Anne man 28.05.2018 - 21:12
Aksjonsleiar Laila ofrar alt for å redda Ekso og havet frå plast!

Mange er no godt i gang med ryddedugnad i Eksingedalen! For å visa at me aksjonerer, og motivera til endå meir innsats - deler me bilete med kvarandre frå ryddinga her på heimesida. Send inn bilete etter kvart!

Hugs: Kvart minutt går det 15 tonn plast i havet! Dette kan me vera med og hindra!
Dessutan vert det så mykje trivelegare i dalen når me slepp sjå på plast i naturen!