Endeleg M A R K N A D!
23. august 2025. Då vert det Eksingedalsmarknad på Lavik. Det er berre å merka av datoen i kalendaren - og gle seg!
Bingo!
Kø framfor inngangen, tørre bingovitsar, fine premiar, søte kaker og blide bingospelarar!
Stor stemning i år også! Bonus denne dagen var underhaldning frå den omstreifande Stamnes-trubaduren Eirik Straume Normann.
Stor stemning i år også! Bonus denne dagen var underhaldning frå den omstreifande Stamnes-trubaduren Eirik Straume Normann.
Sesongavslutning med kveldsrenn
Kl 19.30 var det start. Nett så seint at pannelyktene måtte på.
- Det er kjekt å gå når det er mørkt! Sa Vemund, yngste deltakar.
Vel gjennomført var også det siste rennet til Eksingedalen IL denne sesongen, onsdag 21.mars. 25 cm nysnø gjorde skøytebreidda mjuk og tung, men det klassiske sporet var like stabilt og trygt som vanleg. Også eigna til å gå i mørkna, utan lys i panna.
Heia! Heia! Heia!
Vel 30 stilte til start i VM i fristil på Nesheim i dag. Strålande sol og fantastiske løyper var god ramme for dagen. Først ut var alle under 10 år, ei lang rekkje ivrige løparar. Nokon syns det var langt å gå, andre syns det var for kort.
- Det er kortane enn på Bulken, sa Knut Eirik. Han stilte til start i først pulje.
For VM er eit "utvida" Vaksdalsmeisterskap, og med deltakarar i år frå både Modalen og Bulken i tillegg til Vaksdal kommune.
Og at Bulkengjengen skapte størst stemning, er iallfall sikkert: Då dei var ferdige med løpet sitt stilte fem friske born som heiagjeng, og muntra opp ALLE dei store og dei vaksne løparane, runde etter runde!
Resultatliste nederst på denne sida. Klikk på Idrettslaget.

Basarfredag i Ljosheim
Kvinne- og familielaget sin basar skuffa ikkje! Triveleg kveldvart det, med mange blide fjes. Om lag 35 møtte fram for å kjøpa årer, vinna - og drikka kaffi saman med naboen! Talet på gevinstar var minst firdobbelt av talet på folk! Og, sidan gevinstane aldri fordeler seg jamt, var vinnargleda desto større hjå enkelte!
Søndagsskitur med Eksingedalen IL
Skitur med Eksingedalen IL vart det, sjølv om lyset var flatt og snøen "potetmjølaktig" oppover mot Trefallstølen. 34 føtter traska på, åtte av dei høyrde til dei firbeinte.
God oppslutning om lagsmeisterskap
Det var folksamt i løypene på Nesheim laurdag 3.mars då Eksingedalen IL skipa til lagsmeisterskap. I alt stilte 29 deltakarar med eit aldersspenn frå 3 til 78 år til start. Idrettslaget set stor pris på at hyttefolk og andre tilreisande også er med på lagsmeisterskapet.
Alle får gå - og alle får premie! "Kjekt med stor skiglede", seier rennleiar Magnar Nese
Alle får gå - og alle får premie! "Kjekt med stor skiglede", seier rennleiar Magnar Nese
Klar til fest
Ljosheim var full av aktivitet laurdag ettermiddag. Folk jobba på spreng for å få alt klart til bygdefest.
Nytt kvinnestyre er klar for innsats
Det er årsmøtetid i Eksingedalen, og eitt av laga som har fått nytt styre er Kvinne- og familielaget. Laget hadde årsmøte 13.februar, og no har det nye styret konstituert seg. Tre av damene heldt fram i styret frå sist år, to er nye for året. Program for våren er sett opp, og damene tok "selfie" på det første styremøtet.
Få postpakker heim med postbilen
Vil du ha postpakker heimsendt med landpostbodet
- i staden for å henta dei på Mo? Her er enkel oppskrift.
- i staden for å henta dei på Mo? Her er enkel oppskrift.
Vaksdal Turlag er skipa
Tysdag12.februar vart Vaksdal Turlag formelt skipa, som det 15.lokallaget i Bergen og Hordaland Turlag. Styret i det ny turlaget har ein representant få kvar av bygdene i kommunen. No skal det nye styret i gang med turkalender for sesongen, med mål om å få til turar i dei ulike bygdene. I Eksingdalen vert nok turane i samarbeid med turgruppa i Eksingedalen IL.