Rydd Eksingedalen!

Av Liv Anne ons 31.05.2023 - 10:24
Frode Trefall, med hytte på Trefall, oppmodar om å bli med på ryddedugad i Eksingedalen!
Han brukte helga til å rydda får Bråtaleitet til Brakestad, og håpar fleire vil vera med å rydda!

- Dette er tida å gjera det, før graset vert for høgt, seier Frode.

Utfor Bergofossen

Av Liv Anne søn 28.05.2023 - 12:21
Dei første padlarane er observerte for sesongen, og det var ekstra kjekt å møta ein ung padlar frå eigen kommune.
Ruben J. Davidsen frå Dale hadde med seg ein tysk ven på padling i Eksingedalen laurdag i pinsehelga.

 

Mobile Worker

Onsdagsturane er i gang

Av Liv Anne ons 24.05.2023 - 21:28
I dag, onsdag 24.mai, vart den fyrste onsdagsturen for sesongen gjennomført. Som vanleg startar Turgruppa med turar nedst i Eksingedalen, med tur til Fetstølen. Fire turar til er planlagt i vår, og i august og september vert det fem turar til.
Uni

Kom og bla i historia til ungdomslaga og Ljosheim!

Av Liv Anne søn 05.06.2022 - 20:46
Dette året feirar Grendahuset Ljosheim 125 år. Ei gruppe skrivande damer med medhjelparar er i ferd med å skriva bok om huset, ungdomslaga og korleis det gjekk til med skiping av boklag, to ungdomslag og bygging av ungdomshus her i Eksingedalen på slutten av 1800-talet.

Måndag 13.juni mellom klokka 17 og 20 inviterer boknemnda til ope hus i Ljosheim. Dei ynskjer seg alt av bidra til soga som finns rundt om i dalen.

Omreisande med stjerner

Av Liv Anne man 23.05.2022 - 11:59
Torbjørn Urke har reist rundt med stjerner i mange, mange år. Ved å spreia gode oppleving har han garantert lyst opp mange skuledagar og samstundes opplyst mange på sine reiser. For stjerneteltet til Torbjørn er det fleire tusen som har krabba inn og ut av.

At 80-årsdagen var eit påskot for å få opp teltet att, vart glede for både familie og alle på oppveksttunet i Eksingedalen.

Eit hjarte for oppveksttunet i Eksingedalen

Av Liv Anne tir 10.05.2022 - 09:40
Elevar og lærarar ved oppveksttunet er opptekne av mange ting. Når naturen i kring vaknar til liv att etter vinteren, vert planter, blomar og bier viktig del av skulefaga. Her jobbar dei saman, i ulike aldrar. Siste veke laga dei eit hjartebed. "Dette hjartet skal symbolisera samhald, mangfald og fellesskap i Eksingedalen", skriv elevane.

No ynskjer dei seg stauder til å fylla i hjartet.

Gamle åkle og mykje historie

Av Liv Anne man 25.04.2022 - 22:36
Nordhordland Husflidslag og Osterøy museum arbeider saman med fire vevarar og åkle-ekspertar for å laga ei bok om åkle i regionen. Ein ettermiddag sist veke var oppveksttunet i Eksingedalen registreningsstad for gamle åkle. Denne dagen vart åkle frå Eksingedalen registrerte og fotograferte, kvart teppe med si historie