Turen startar på Bergo, 412 moh. Oppmøte: Like nedanfor skulen på Bergo
Høgaste punkt: Blånipa 1035 moh.
Ein føljer merka sti rett oppover lia, gjennom granskog og gammal kulturmark til Mjelkeplassen og vidare opp Sæterhaugen. Det er bratt oppover, men me tek oss god tid. Vel oppe dei bratte bakkane er det lettare terreng å gå i, og oppover er det fin utsikt i ulike retningar. Ein halvtime før toppen passerer ein ei stakkstøe der Bergo-folket hadde høyslått og lagra høyet før dei frakta det heim til garden. Herifrå er det ei bratt kneik rett opp, så vider det seg ut og snart ser ein sjølve toppen.
Opp til topps tek det 2 1/2 til 3 timar.
Frå Blånipa går turen vidare ned mot Brakestadstølen og me endar opp ved Markhuset, mellom Brakestad og Nesheim.
Meir info om turen: https://vt.dnt.no/aktiviteter/129041/891846/