Då inviterer soknerådet alle interesserte til ettermiddagskaffe i sakristiet i Eksingedalen kyrkje. Vi får der høyre gamle Eksingedøler fortelje. På slutten av 1950-talet og byrjinga av 1960-åra gjorde Magne Vetlejord og Ivar Vetlejord opptak med Eksingedøler som fortel på lydband om livet slik det var før. Rune Nesheim har tatt vare på dei gamle lydbanda og har fått dei digitalisert. Nokon av desse opptaka kan vi få høyre over ein kopp kaffe med noko å bite denne laurdagen. Det vert sikkert mykje interssant å prate om. Dette er eit uformelt treff der soknerådet i Eksingedalen sokn nytter sakristiet i kyrkja som møterom for å samle unge og gamle.