Ekso Villfisk har sidan år 2000 drive eit intensivt utfiskingsarbeid.
Ved bruk av småmaska garn vert fiskebestanden tynna med ca. 12000 fisk pr. år. I tillegg til bestandstynning vert det kvart år sett ut ein del større fisk frå Ekso Villfisk sitt kultiveringsanlegg i Sødalen. Dei største fiskane bidreg mykje til tynning av småfiskbestanden og det er no mindre behov for bestandsregulering med garn.