Grendahuset Ljosheim

Av redaktør lør 07.03.2020 - 10:11

Her publiserer me årsmeldingar, vedtekter og anna praktisk om Grendahuset Ljosheim

Innkalling til årsmøte 2022 Grendahuset Ljosheim

 

Dag og dato: Måndag 14. februar

Stad og tid: Grendahuset Ljosheim klokka 19:30

 

DAGSORDEN

  1. Godkjenning av innkalling og dagsorden
  2. Konstituering av årsmøtet: val av møteleiar og referent
  3. Årsmelding for Grendahuset Ljosheim 2021
  4. Revidert rekneskap for 2021
  5. Saker frå styret
  6. Handlingsplan 2022
    1. Framdrift husavøla      
    2. Interiør og stil i Grendahuset Ljosheim
    3. Jubileumsplanlegging
  7. Val

Årsmelding for Grendahuset Ljosheim

Årsmelding for 2021 - Husastyret i Grendahuset Ljosheim

Styret 2021:

Leiar: Anna S. Bergo Kasserar: Aud Marit B. Bergo Skrivar: Britt Ingeborg Eide Styremedlem: Evelyn Gullbrå Styremedlem: Sigrid Tyssen

1.Vara: Hege Marie Lavik 2.Vara: Odd Inge Brønstad

Valnemd: Kari Brørvik og Olav Gullbrå Revisorar: Jomar Flatekval og Rune Nesheim

 

Husastyret for Grendahuset Ljosheim hadde i inngangen av 2021 mål om at dette året skulle delar av taket verta fiksa, Ljosheim skulle forhåpentlegvis kunne opna att for arrangement, og huset skulle verta fylt med liv og aktivitet. Det har vore nok eit spesielt år med sine rammer for sosialt samvêr, men med ei lita lomme i aug/sept/okt. Me ser tilbake på eit svært innhaldsrikt år for Grendahuset.

 

Januar 2021: Tømrar skulle setja inn ny dør mellom Vetlesalen og gangen. Dette vart meir omfattande enn me først hadde tenkt, då det vart oppdaga roteskader og heile veggen mellom Vetlesalen og gang måtte skiftast. Dette gjekk fort og det var snart ny vegg oppe igjen, med ny fin dør!

 

Dørene mellom gang og Storesalen og mellom Vetlesalen og kjøkken vart bytt ut med nye trefyllingsdører - ei tilbakeføring av stil til dører som liknar meir på dei opprinelege dørene i Ljosheim. Døra mellom Vetlesalen og gangen er også lik denne.

 

Februar 2021: Vatnet fraus i Ljosheim. Dette resulterte i mange timar med arbeid både dugnad og fagfolk for å sjå på årsaka og lokalisering av stad.

Etter mange dugnadstimar frå enkelte og innleigd hjelp vart problemet løyst og vatnet sildra og rann att.

 

 

 

Toalettområde: Nye glas, ventilasjonsanlegg og urinalveggar er komme på plass.

10.februar var tømrar ferdig med nye dører, toalettområde og vegg. Årets første ryddedugnad vart unnagjort 5 pers møtte (1 utanom styret).

 

Mars 2021:

Mars starta med at to flotte store nye kjøleskåp vart levert til Ljosheim! Ljosheim var einaste godkjende møtelokale i tråd med smittevernreglane, og fleire lag hadde årsmøta sine her i mars/april 2021.

 

August 2021:

Pizzakveld for ungdom vart arrangert som eit av dei første arrangementa i Ljosheim, med smittevernreglar ivareteke. Bra oppmøte, kjekke ungdommar som er glad for eit slikt tilbod.

 

Taket: Tømraren går i gang på taket i Ljosheim.

 

September 2021:

Nye lampar på vegg i Vetlesalen og ein i gangen er montert – kuplar i stil med dei som heng i Storesalen. Gjev fint lys, ei forbetring både i gang og i Vetlesal.

 

9.september - vaske- og ryddedugnad i Ljosheim i 4,5 time. 5 møtte (2 pers utanom styret). Huset vart vaska og rydda, gardiner kom oppatt, og det store skåpet fekk ny plass i Vetlesalen.

 

22. September: Dugnad i Ljosheim for å rydda før teaterframsyning. Ingen utanom styret møtte. Det vart rigga opp til teaterframsyning med korona- avstand mellom stolane.

 

25 og 26. September: 1-metersregelen er oppheva. 4 timar før teaterarrangement i Ljosheim. Fantastisk kjekt!

 

Oktober 2021:

Tømraren jobbar jamt på taket – dei dagar vêret tilet det. Loppemarknad vart arrangert – med godt oppmøte.

Den siste tak-dugnaden for årets sesong var laurdag 30.oktober. 2 utanom styret møtte.

 

 

November 2021:

Tømraren er ferdig med del 1 av takprosjektet. Det har vore ein kamp mot vêret på taket i haust.

Desember 2021:

 

Spleis for nye stolar: Me fekk inn kr 22 250,- på spleisen for nye stolar. Stolar vert bestilt over nyttår.

 

Arrangement og hendingar:

Loppemarknad

Oppsummering av loppemarknaden: Overskot på kr 12.000,- Eit arrangement med mykje jobb i forkant, undervegs og i etterkant. Husastyret er einige om at det er verd innsatsen, men me må ta det tilbake til påskeferien, som truleg er eit betre tidspunkt. Styret går inn for å arrangere ny loppemarknad påska 2023.

 

Teater Vestland og Bondetinget:

Overskot: kr 9279,-

Dersom me ynskjer å ha teater vestland til Ljosheim framover, kan dette bli mogeleg. Med same vilkår som no: Bærehjelp, husleige og 20% av billettinntektene. Det me må gjera då er å snakka med Ordføraren vår om dette, slik at ho kan kontakte Teater Vestland, og videre at Teater Vestland kan kontakte Fylkeskommunen.

Pizzakveldar for ungdom:

Husastyret har arrangert 3 pizzakveldar for ungdom: august, oktober og november. Ungdommane har det kjekt og seier dei ynskjer seg meir av dette. Eksingedalen Kvinne og familielag sponsar pizzakveldane med inntil kr 3000,-.

 

Innkjøp av diverse:

  • 2 nye vedstativ
  • 2 nye kjøleskåp
  • Elektrisk panelovn på kjøkkenet
  • Komfyr – keramisk koketopp
  • Stellebord
  • Kasserollar – det er kjøpt inn 3 nye kasserollar til kjøkkenet på Ljosheim.
  • Industristøvsugar

 

 

Dugnad i Ljosheim

Husastyret er svært takksame for alle som stiller på dugnad. Enkelte er med på om lag alt som skjer av dugnadsaktivitet - Grendahuset Ljosheim er heldig som har slike folk. I 2021 vart det lagt ned 265 dugnadstimar i Grendahuset Ljosheim, i tillegg til dette kjem styret sine timar.

 

 

Huset har også i tillegg til husastyret sin aktivitet, vorte leigd ut med jamne mellomrom 2021.

 

 

Grendahuset Ljosheim har i 2021 fått inn kr 723 000,- til husavøla. Dette er frå Spleis, lokale organisasjonar i dalen, Vaksdal kommune, Stiftelsen Uni, Vestenfjelske bykreditt, Sparebanken vest, Vossabanken, Vaksdal historielag.

*

 

 

Husastyret takkar så mykje for all støtte frå bygdefolket og andre både i form av gåver, dugnad og oppslutting kring arrangement!

 Årsmelding frå Husastyret for Grendahuset Ljosheim 2020

Orgnr 922703108

Styret har i 2020 vore organisert slik:

Leiar Anna S. Bergo Skrivar Britt I. Eide Kasserar: Aud Marit Brønstad Bergo Styremedlem Evelyn Gullbrå Styremedlem Sigrid Tyssen Vara: Hege Marie Lavik og Odd Inge Brønstad

Revisorar: Jomar Flatekval og Rune Nesheim Valnemd: Kari Brørvik og Bjørg Lavik

Hendingar og arrangement

Det har vore eit år utanom det vanlege, også i Grendahuset Ljosheim (GL). Alle planlagde arrangement styret hadde planar om vart avlyste: pizzakveld for born/unge, dansekurs, haustfest, innviing av golvet osv. Me søkte difor om midlar og fekk tildelt frå krisepakke for kunst- & kultur (Lotteri-og stiftelsestilsynet). Me fekk kr 23000,-. Dette redda oss for ikkje å gå i minus på driftsbudsjettet i år.

Huset har vore noko utleigd, ettersom det på eit tidspunkt var einaste godkjente møtelokalet i bygda. Likevel mykje mindre enn eit vanleg år.

Dugnadar

Det har vore fleire små og store dugnadar i GL gjennom året. All dugnad har vore knytt til husavøla: rydding, sjauing, utgraving av jord under golvet, leggjing av golv (dugnad saman med tømrar), lakking av golv, sjauing, rydding og vask i etterkant av arbeid. Mykje bortkøyring av boss.

Den store husavøla - arbeid utført i 2020

Totalrenovering av golvet. Golvet som låg der var lagt rundt 1977, og vart rive på dugnad i februar. Før arbeidet tok til kunne ein sjå råteangrep fleire

stader. Golvet bestod av 28 x 90 mm furubord, som var behandla med lakk. Under golvet viste det seg både mangelfull vindtetting og mangelfull musetetting, slik at all isolasjon var full i musebol og musegangar. Ved hjelp av ein stor dugnadsgjeng, vart all isolasjon og papp samt sterkt råteangripne bjelkar og gamal oppretting fjerna. På den delen det var mest råteskadar var det for liten avstand frå bjelkelag og ned til grunnen. Grunna sigevatn frå terrenget bak bygningen er det fuktig under delar av golvet. Det vart grave ut ein god del jordmassar og lagt fuktsperre oppå grunnen, slik at det no er god sirkulasjon på lufta i kryperommet, og mindre vassdamp frå grunnen. 19 bjelkar på ca 3,5m vart bytt ut, og erstatta med bjelkar av kjerneved, kjøpt på eit lokalt sagbruk. I tillegg vart det gamle golvunderlaget retta opp med spikarslag, slik at det kom i flukt med det nye bjelkelaget. Bjelkelaget i ”vetlesalen” var tidlegare bytt ut. Dette var intakt, men isolasjonen måtte skiftast, og utbetring av vindtetting vart utført. I storsalen vart det montert ny vindtetting, og ny isolasjon. Nytt furugolv vart montert både i storsalen og vetlesalen. Golvet er lakka med 4 strøk lakk og har silkematt overflate. Totalkostnaden var 230 000, der Kulturminnefondet løyvde kr 110 000 kr til golvet.

Strakstiltak på taket utvendig. Det vart oppdaga ein aktiv lekkasje på taket over toalettbygget. GL fekk tildelt kr 20 000,- frå Kulturminnefondet til å utføra strakstiltak. Dette vart utført hausten 2020. Totalkostnaden her var kr 31000,-

Brannsikring av pipene, ny pipehatt og to stk nye reintbrennande vedomnar Pipene har fått nye innsatsar og pipehatt er montert. Det er komme to nye reintbrennande vedomnar i gamal stil: ein i storesalen og ein i vetlesalen. Stiftelsen Uni løyvde kr 150 000,- til dette- det dekka heile kostnaden.

Styret har lagt mykje arbeid ned i søkjing av midlar. Grendahuset Ljosheim har i 2020 fått løyvingar frå: Kronerulling Eksingedalen Grunneigarlag Øvre Eksingedalen Grunneigarlag Stiftelsen Uni x 2 Kulturminnefondet x 2 Vestenfjelske bykreditt Vestland fylkeskommune/ Vaksdal kommune Voss Sparebank Lotteri- og stiftelsestilsynet (Korona – krisepakke)

Til saman kr 718 000 kr ,-

Pr årsmøtet (22.mars 2021) har me til saman fått løyvd 880 000 kr. Oppdatert totalbudsjett for heile den store husavøla (inkludert taket) er på kr 1,8 mill. Me har fleire søknadar inne som me ventar svar på i løpet av våren. Mellom anna er det søkt om midlar hjå VFK på ordninga “tilskot til verna kulturminne” og “tilskot til lokale kulturbygg” ( spelemidlar).

*

Grendahuset Ljosheim er vår felles kulturskatt og forsamlingshus her i dalen, og me i husastyret gjer vårt ytterste for å forvalte ansvaret me har fått på beste måte. Me er takksame for all dugnadsinnsats som er lagt ned i året som har gått. Alt i frå vasking, bæring, sjauing, vaffelsteiking, vekkøyring av bås, tilsyn, fyring, snikkararbeid, støtte og engasjement frå sambygdingar!

For Husastyret i Grendahuset Ljosheim Styreleiar Anna Sveinungsdotter Bergo