Store løyvingar gjev takvøle i Ljosheim

Av Liv Anne tor 08.07.2021 - 21:20

Husastyret i Ljosheim står på. Sidan 2019 er det komme nytt golv i huset, pipene er brannsikra og nye reintbrennande omnar er monterte. Aktive lekkasjar er mellombels tetta og innvendige fuktskadar er vølt opp i. Nye vindaugo er sett inn i toalett- og gangområdet og dei gamle slitne dørene til salane er bytt ut til flotte trefyllingsdører. Vetlesalen har fått dør i veggen mot gangen, og under denne omvølinga vart omfattande råteskade oppdaga. Difor måtte heile veggen fornyast. Vidare er delar av det elektriske anlegget fornya i Vetlesalen, og to nye kjøleskåp er på plass på kjøkkenet.

Men, om husastyret no er ferdige med fleire store prosjekt, er det større i vente: Aller først går dei no i gang med taket. Alt takka vera stor innsats og pågangsmot, grundige tilstandsrapportar, søknadsprosessar og store, omfattande søknader. Dette gjev økonomisk resultat, alt like viktig for å få huset i god stand.

-Me kan gledeleg fortelja at den store takvøla startar i august, seier leiar i husastyret Anna S Bergo. Taket har råteskade og skifer er øydelagt. Det kunne lappast på, men det ville vore midlertidig førstehjelp. Og med økonomiske midlar på plass kan ein gå nett så grundig til verks som ein ynskjer. All skifer skal av, alt gammalt treverk som må skiftast skal skiftast – det som ein kan ta vare på vert teke vare på, og tett dekke og med skifertak skal på. På sikt skal heile taket vølast, ein startar stykkevis. 

- For å komma i mål med sjølve arbeidet treng me folk på dugnad. Helga 20.-22.august er sett av som første dugnadshelg. Då skal taksteinen av

. Arbeidet vil halda fram heilt til ein er ferdig. Tømrar er ansvarleg for arbeidet, men ein vil trengja mange hender i tillegg. Alt er sjølvsagt vêravhengig, dersom det vert mykje nedbør må arbeidet utsetjast.

Største pengegåva i samband med takvølinga er gjeve av Vestenfjelske Bykreditt, i alt 400 000 kroner. Frå Stiftelsen UNI er det komme 100 000, frå Vaksdal kommune 100 000 i bygdeutviklingsmidlar,  frå Fylkeskommunen via tiltak for verna kulturminne 50 000, Sparebanken Vest 80 000, Vaksdal Historielag 20 000 og Voss Sparebank 15 000. I tillegg vert det rekna inn eigenkapital, som hovudsakleg dreier seg om dugnadsinnsats.

-Me er svært glade for all økonomisk støtte  - og heilt avhengig av bygdefolk og andre som vil hjelpa til. Neste år er huset 125 år. Målet er å kunna feira jubileum med fiks ferdig Ljosheim, smiler Anna. Det vil seia at me også har ordna det elektriske anlegget og får ny komfyr og oppvaskmaskin på plass. Det har me trua på!

 

Husastyret har også eit rikt program inne i huset, i tillegg til arbeidet utandørs.
Etter halvanna år utan særleg av arrangement, håpar ein no på ein betre haust.
Planane er klare: 

Pizzakveldar for ungdom (rusfrie arrangement):
Fredagane 27. august, 29.oktober, 26.november

Laurdag 25.september vert det teaterframsyning. Då kjem Teater Vestland med «Bondetinget». Billettar vert selde gjennom Teater Vestland, og Grendahuset Ljosheim er medarrangør til oppsettinga.

Laurdag 9.oktober: Loppemarknad, til inntekt for grendahuset. Lopper kan leverast frå fredag 8.oktober kl 15. Loppemarknaden vert også open i haustferien (veke 41)

Laurdag 13.november: Haustfest i Ljosheim. Middag og musikk.