Eit stødig minne

Av Liv Anne tir 27.07.2021 - 16:11
Eit stødig minnesmerke ved stien til Trefallstølen, til minne om Kåre Magnar Trefall.

Varden er reist av bygdefolket, til minne om Kåre Magnar. I samband med gravferda til Kåre Magnar ynskte familien at det kunne gjevast gåve til eit minnefond.

Eksingedalen IL forvaltar dette - og i samråd med familien har midlar frå fondet gått til innkjøp av ein av dei fire hjartestartarane som no er plasserte i Eksingedalen. 

I tillegg er det bygd ein stødig varde og det er sett opp ein kvilebenk på staden. Benken er laga av Rune Solheim. 

Varden og benken står nydeleg plassert, med utsyn mot Kvitanosi - og mot Trefallstølen i den andre retninga.

 

Elisabeth ynskjer på vegne av familien å takka heile bygda for støtte og omtanke i eit tungt år - og særskild takk for bidrag og arbeid med den fine varden og kvilebenken.