Engasjerte Maria frå Lavik gjev ut bok

Av Liv Anne tor 12.08.2021 - 22:55
Bokaktuelle Maria Lavik Foto: Tove K. Breistein/ Samlaget

- Eg er glad for at eg no er komme i hamn, seier Maria Lavik. Det er no to år sidan eg kontakta den første kjelda.  Så dette er veldig stort for meg. Og i morgon kjem Mammo og Besto og kanskje Tanto og Kusino òg, alle jentene i Lavikfamilien, for å vera med på boklanseringa. Det gler eg meg veldig over!

Korleis det heile kom til

-Eg har vore oppteken av ulikskap og fattigdom lenge. Eg har skrive litt om det før, men på ein distansert måte m.a. i Klassekampen. Så vart eg kontakta av Samlaget med spørsmål om eg kunne skriva meir om temaet. Først laga eg fleire ulike skisser til bok, med fleire innfallsvinklar. Valet vart teke: Om barnefattigdom.

-Og det var absolutt det vanskelegaste eg kunne skriva om. Det er mange tabu og mykje sårt, og ikkje minst fører intervju av barn med seg mange etiske dilemma. Konkret har eg snakka med åtte familiar, og dette er historiene deira. Eg vil at desse forteljingane skal høyrast.

-Borna i dei åtte familiane har ein ting til felles: Dei er mellom dei 115 000 borna som veks opp under fattigdomsgrensa i Noreg. Sidan 2001 er delen fattige born meir enn tredobla. Folka du møter i boka, er åleineforeldre og folk med innvandrarbakgrunn - familiar som statistisk sett er særleg utsette for fattigdom. Dei fortel om den evige kampen for å mildna konsekvensane av fattigdom i eit land prega av overflod. Dette handlar om dei borna som bur trongt og i dårlege husvêre, og som er meir utsette både for fysiske og psykiske sjukdommar. Foreldra må på si side leva med kjensla av at dei ikkje klarer å gje barna det dei treng.

-Erfaringane til desse familiane er ofte usynlege. Perspektivet deira manglar på foreldremøta som konkluderer med at 100 kroner er ein passande minstesum for presangar i barnebursdag. 

 

Korleis opplever ein fattigdom i verdas rikaste land?

Det er hovudspørsmålet Maria stiller seg. Maria fortel at noko av det ho har funne ut er at fattigdom er meir komplisert og mykje meir skadeleg enn det ho trudde i byrjinga. Korleis menneska taklar det å vera fattig er ulikt, men generelt sett gjer fattigdom folk stressa. Det fører til ein uro som gjer at ein ikkje kan ta gode val, eller greier å ta gode val. Det fører til krangling, det vert utrygt og usikkert. Foreldra gjer ein stor jobb for å skjula, men borna fangar det likevel opp og legg band på seg sjølve og livet sitt. Desse borna vert tidlegare vaksne enn dei burde bli.

I tillegg er det slik at fattigare born er ofte mindre med på organiserte aktivitetar og får færre vener. Slik får dei også færre friplassar frå det som er vanskeleg, seier Maria.

 

Korleis har det prega Maria å skriva om dette?

-I starten var eg redd for å bli fattig sjølv. Fleire av dei eg intervjua hadde gått gjennom kriser av ulikt slag som førte dei ut i fattigdom. Sjølv hadde eg nettopp sagt opp ein jobb, så eg vart først litt utrygg. Eg vart redd. Så gjekk redsla over, og så vart det trist. Mange av dei eg snakka med fekk det verre, særleg under korona. Eg sjølv innsåg under korona at eg likevel var trygg. Eg kom ikkje inn i ei krise, eg hadde inntekt og liva våre vart endå fjernare.

For meg vart korona kjedeleg – for dei ei krise. Slik gjev perspektiv.

"Vi, dei fattige". Åtte forteljingar om barnefattigdom. Av Maria Lavik

Kven er boka skrive for?

-Boka er dels skrive for folk som ikkje er fattige, men som har fordommar for folk som er fattige om at dei er dumme eller late eller brukar pengane sine feil. Desse folka ynskjer eg at skal lesa boka og så fortelja meg kva dei ville gjort annleis i same situasjon.

-Eg håpar politikarane som styrer les boka, og så håpar eg at ungdom som sjølv har vakse opp i fattigdom vil kjenna att historiene. Boka er skrive i eit relativt enkelt språk for å vera lett tilgjengeleg. Eg håpar òg at boka kan vera nyttig for dei som jobbar innanfor barnevern og NAV – og for dei som jobbar i skulen.

Engasjerte Maria. Foto: Tove K. Breistein/ Samlaget

Maria, med stort samfunnsengasjement

Maria er utdanna historikar og journalist. Ho byrja i lokalavisa Hordaland og har seinare m.a. vore innom NRK og Klassekampen. No er ho tilsett i Vårt Land.

Tidlegare denne sommaren har ho vore dagsaktuell med artikkelen «odelsskam» i Vårt Land. For Maria er fødd odelsjente og oppvaksen på Lavik. For tida bur ho på Sagene i Oslo saman med osloguten Øyvind. Maria er glad i nynorsk og har aldri skrive anna enn nynorsk i karrieren sin. Når ho ikkje skriv likar ho å syngja i kor, der koret syng mest drikkeviser på pub. Maria er også kjent for å sykla, nett no eig ho berre tre syklar.

Maria er ei urban bygdejente med stort hjarte for Eksingedalen. På tur går ho med Eksingedalen IL på ryggen og elles alt det Eksingedalen IL produserer av turutstyr, og ho er sjølvsagt medlem i dette idrettslaget!

Nett no er det boklansering som gjeld. I Oslo i morgon, neste veke er det Arendalsveka. Og ho lovar å fortelja og selja boka si i Eksingedalen også -  ein gong i september.