Oppveksttunet

Av Magnar man 16.08.2021 - 11:27
Monterande mødre møtes snart

Aud Marit og Anna har stått for monteringa av denne innstallasjonen, som treng eit norsk namn.

Politikarar og admnistrasjon fekk honnør for å ha "landa" oppveksttun og leikeplass. Initiativet har kome frå dei som har behov for barnehageplass nær heimstaden. Dette resulterte i gjenopninga av barnehagen, og samhandling mellom skule og barnehage i det som vert kalla oppveksttun. 

Idèen om oppgradert leikeplass kom frå Eksingedalen Kvinne- og Familielag. Boka "Bygdebakst og Gommorgraut" gav eit solid overskot, og laget ynskte å bruke noko av dette overskotet til nye leikeapparat på skule/barnehageområdet. Idrettslaget i dalen vart med, gjennom løyving av økonomisk tilskot og lovnad om dugnadsarbeid. Ledige kommunale midlar gjorde at det i tillegg til nytt utstyr på leikeplassen, også kom leikeapparat på skuleplassen. Til glede for store barn, og vaksne. Arbeidet vart gjort av kommunalt tilsett, i lag med foreldre som også har tillitsverv i idrettslaget.

Også Øvre Eksingedalen Grunneigarlag vart takka for tilskot til kjøp av ein av fire rastebenkar.

Elias "rir" over avgrunnen.

Kommunedirektør Atle Fasteland kom endå meir "heim" enn han hadde tenkt. Dei første åra av livet sitt budde han på skulehaugen på Bergo. Far hans var lærar på Bergo, på skulen som hadde namnet Fagerbø. Dei hadde då ein hund som hadde namnet Frøya. Og sanneleg dukka det ikkje opp ein hund på opningsfesten som hadde same namnet.

Kommunedirektør Atle Fasteland
Leikeplassen med både gamle og nye apparat.