Bær til å mette 5000

Av Frøydis man 23.08.2021 - 22:19
Kyrkja har flytta ut. Merk det stille vatnet -ikkje ein vindpust

Nesheim Sokn la også dette året sommarens utegudsteneste til Beinhellaren innafor Trefall. Dette hadde me god erfaring med frå i fjor, og like fint vart det no. 

Både prest og mange tilhøyrarar møtte opp i år som i fjor. Nytt av året var el-piano og skipsklokke for å ringe med. Dette gav god lyd i det naturlege amfiet folk hadde spreidd seg i. Etter nokre gudsord og diverse song, var det tid for prat og matøkt. I tuene rundt oss bugna det med blåbær, så det var ingen grunn for å gå heim sjølv om nista var gløymt. Både små og store kosa seg i finveret. Mange gjester møtte også opp frå Bolstad og Evanger. Riktig kjekt!

Gode bær rett rundt oss ...
Fritt og fint i tuene under Beinhellaren