Høgt og fritt på Høgafjellet

Av Liv Anne tir 24.08.2021 - 15:40
Staseleg varde på Høgafjellet, 1019 m.o.h

Turen starta ved Dalastova på Flatekval, der turfølgjet fekk gode turtips:

"Når de rundar høgda etter bakken opp frå Likhaugen ser de varden, og de får retningen. Gå fram til Steinsetra, så skråar de oppover og følgjer eggjene mot toppen. Varden på toppen ser de att etterkvart. De er heldige med veret, de får ein fin tur!" 

Turen oppover lia mot Likhaugen og fram til Steisetra er bratt. Men stien er svært tydeleg og lett å følgja der den buktar seg oppover i granskogen. Store tre oppover gav også god skugge denne søndagsføremiddagen. 

Ein kort pause med namneregistrering i boka på Likhaugen
Steinsetra, der me ser mot Storavatnet

Stien opp frå Flatekval til Storavatnet og vidare til Modalen er gammal ferdsleveg. Det var opprinnelege ein reitleveg der ein kunne gå med hest, og svært viktig for ferdsle mellom dei to dalane Eksingedalen og Modalen. I endå eldre tid gjekk Gulatingsvegen over her.

I dag tok turfølgjet opp til venstre ved Steinsetra, og heldt fram oppover høgda. 

Vel over første kneika, opna landskapet seg opp, og med varden i sikte og fleire små og større vegvisarar å finna gjekk det lett oppover. 

Med varden i sikte langt der oppe.
Idyll etter idyll - så langt ein kunne sjå!
Artige vegvisarar undervegs - her ser ein ned mot Modalen
Høgafjellet, 1019 m.o.h.

God sikt i alle retningar. I vest mot Ulrikken, havet og skip utanfor Mongstad - den andre vegen mot Sogn og Vossafjell, med Kvitanosi lett å sjå. 

Utan eit vindpust i storslått landskap!