Ein stor gjeng på onsdagstur!

Av Liv Anne tor 02.09.2021 - 15:22
Kjekk turgjeng på Krossaleitet

Turgruppa i Eksingedalen IL vert ekstra glad når mange er med på tur! Denne hausten har det vore fint vèr kvar onsdag, og lett å fint å gå i fjellet. 

Turen denne veka gjekk opp Reinsgrøvene til Krossaleitet, vidare mot Nesheimstølen og Ogelsmoget. Stien er litt uryddig siste stykket ned, men det gjekk betre enn i fjor. 

Frå Krossaleitet ned Stordalen mot Nesheimstølen. Lett og fint terreng.
Gjennom Ogelsmoget, utfordring på turen.