Førehandsval i Eksingedalen

Av Liv Anne tor 02.09.2021 - 17:18
Tove Bruvik Erdal og Linn Tove Thomasen frå Vaksdal kommune stod for førehandsvalet i Eksingedalen

Vallokalet var ope frå kl 13 - 17.30 og heile ettermiddagen var det jamn straum av folk som nytta seg av høvet til å førehandsrøysta. Nær 40 var innom røystelokalet, og endå fleire åt middag på kafeen til ungdomsskulen.

- Det er godt å kunna sjå bygdefolk att, var det fleire som sa. For no har det vore lang tid utan møtestader i bygda.  

Ungdomsskulen serverte hamburger for dei "litt svoltne", "svoltne" og "meir svoltne". Og etterpå var det kake og kaffi. 

Elias og Robert serverer blide Besto.