Bondetinget, med to framsyningar i Ljosheim

Av Liv Anne fre 03.09.2021 - 12:49
Skodespelar Kyrre Eikås Ottersen i Bondetinget. Foto Teater Vestland, Espen Nyttingnes

Teaterframsyninga hadde premiere fredag 27.august i Førde. Konseptet er at alle førestillingane vert spelt på grendahus, staden der alle bondelagsmøte vart halde før i tida. Stykket har teppefall i Eksingedalen med framsyning laurdag 25.september kl 20.00 og søndag 26.september kl 13.

Førstillinga laurdagen vart fort utseldt, og Teater Vestland har difor sett opp ekstraframsyning søndag. 

Billettlenkja til ekstraframsyninga: https://teatervestland.ticketco.events/no/nb/e/bondetinget__eksingedalen_ekstra

 

-Stykket er eit dokumentarteater, og er ein historietime som er sett frå taparane si side, seier Torkil Sandsund som har skrive stykket. Sandsund har gjennomført ei rekkje intervju og legg til grunn eit stor tal med skriftlege kjelder som underbyggjer soga.

Gjennom iscenesette samtalar, talar og historiske møte tek skodespelar Kyrre Eikås Ottersen publikum med på viktige hendingar. Skodespelar spelar 19 roller i stykket, derimellom eksingedølen Helge Bergo som har fått ei gjennomgåande rolle i stykket.

Teater Vestland skriv m.a. dette i pressemeldinga si:

 

Gerhardsen og Bondelaget ofra bygda for å bygge landet 

I framsyninga «Bondetinget» peiker Teater Vestland på at stortinget og Norges Bondelag står bak ei styrt avvikling av landbruket, med utarming av bygdene som resultat. 

Den politiske hausten på Teater Vestland startar med «Bondetinget», dokumentarteater om norsk landbrukspolitikk gjennom hundre år. Regissør og dramatikar Torkil Sandsund har jobba med materialet i mange år, og han har gått gjennom eit enormt bakgrunnsmateriale i form av intervju, skriftlege kjelder og lydopptak. 

I stykket kjem det fram at norske bønder er gitt retten til å forhandle med staten kvart år, og formålsparagrafen til Bondelaget har vore meir eller mindre uendra: «Norges Bondelag har til formål å samle alle som er eller kjenner seg knytte til bondeyrket, for å fremje felles saker, tryggje landbruket og arbeide for dei økonomiske, sosiale og kulturelle interessene i bygdene.»

Det er i alles interesse, ikkje berre bøndene, ein villa distriktspolitikk. 

I røynda har vi sett motsett utvikling: Ei enorm nedbygging av landbruket og ei utarming av bygdene. Sidan krigen har drygt 300.000 bønder forlete yrket, og saman med dei har skular vorte avvikla, og møteplassar som butikk og post forsvunne.  

Varslaren Helge Bergo 

Helge Bergo var leiar i Bonde- og Småbrukarlaget i mange år. Stykket er for ein stor del basert på intervju med Bergo og bøkene hans «Norsk landbruk – ei økonomisk slagmark» (Samlaget) og «Avviklinga av den norske bonden» (Vestlandsforlaget).

Han såg kva som var i ferd med å skje, og han prøvde å varsle: Bøndene forsvinn, spesielt på dei små bruka, og med dei forsvinn livsgrunnlaget i bygdene. 

I dag er Helge Bergo også borte. Han døydde i 2019. Regissør Torkil Sandsund møtte han og kona hans heime i Eksingedalen.  

— Eg jobba mykje som avløysar frå 14-årsalderen og høyrde bøndenes forteljingar om skiftande vilkår. Det vaks fram ein del spørsmål i meg; spørsmål som fekk svar då eg kom over boka «Avviklinga av den norske bonden» av Helge Bergo, seier Torkil Sandsund og held fram: 

— I 2014 jobba eg og Aslak Moe med framsyninga «Mat». Vi reiste til Eksingedalen for å intervjue Bergo, og vi vart verande i fleire dagar. Materialet vart ikkje brukt den gongen, og det har lege og jobbe i tankane mine sidan.  

Det har no resultert i dokumentarteateret «Bondetinget». 

I rolla som Helge Bergo. Foto Teater Vestland, Espen Nyttingnes

Eit dugande format, seier teatersjefen i Teater Vestland.   

Dokumentarteater er ei form som gjer det mogleg å vise fram strukturar det elles kan vere vanskeleg å sette fingeren på. 

— Regissør Torkil Sandsund har jobba med dette materialet sidan 2014. Han har gjennom samtalar med informantar og grundig undersøking av både skriftlege kjelder og lydopptak skaffa seg ei oversikt som svært få kan matche, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Ho peiker på at det handlar det om å vere vaken idet samfunnsendringane skjer, og ikkje sitte etterpå og vere overraska over at det gjekk som det gjekk. 

— Det er lett å tenke at vi ikkje kan gjere noko med samfunnsutviklinga. Men eg meiner det er beint fram umogleg å gå ut frå denne framsyninga og tenke at det er uunngåeleg at 9 av 10 bønder har forsvunne ut av næringa sidan krigen, seier teatersjefen.