
-Dette er stort for meg, sa ei glad Jorill etter innsatsen. Eg har jobba mykje for dette! Eg har satsa på styrkeløft med trenar frå 2019, men på grunn av koronaen så er dette berre mitt andre stemne. Det første stemnet eg deltok på var i Bergen i februar 2020. Der kvalifiserte eg meg til NM. Så vart NM bere utsett og utsett. Endeleg kunne NM arrangerast, og det vart mitt andre stemne. Eg hadde lite konkurransetrening og lite stemnetrening.
-Men, eg leverer best når det gjeld. Heldt hovudet kaldt – og eg greier meg!
Eksingedølen Jorill Nese sette i dag to norske rekordar og ho fekk to titlar som noregsmeister. I tillegg fekk ho ei bronsemedalje.
Jorill sine resultat:
Knebøy 162,5 kg (norsk rekord)
Benkpress, 95,5 kg (norsk rekord)
Markløft 162,5 kg
Totalt løft: 420,5 kg
Med desse resultata vart Jorill noregsmeister i vektklassen sin i total kilo løft. Uavhengig av vektklasse fekk ho også gull i knebøy for junior. I tillegg vart ho den tredje beste juniorløftaren på kvinnesida.

Jorill fortel at styrkeløft tradisjonelt er ein mannsdominert sport, men at det heldigvis vert fleire jenter med etter kvart. I dag var det om lag 20 jenter med i ungdoms- og juniorklassen. I Joril sin vektklasse var dei to jenter. Jorill høyrer til juniorklassen, som er dei mellom 18 og 23 år. Ho er mellom dei eldste i juniorklassen.
-På grunn av korona her eg mista erfaring frå juniorsida, og dei i neste klasse som er open klasse (23 -40 år) løftar tyngre enn junior.
-Nokre av løfta var lette i dag. Eg har meir i tanken, og er optimistisk for løft i framtida. Eg hadde ein veldig, veldig god dag, særleg lett gjekk det i benkpress.
Jorill er busett i Bergen, for tida er i turnus som fysioterapeut i Lærdal kommune. Ho løftar for Odin Styrkelløftklubb i Bergen. Ho er takksam for det gode støtteapparatet ho har hatt under NM, der folk frå klubben har ordna alt det praktiske i dag. «Mitt fokus var berre å løfta», fortel ho.
Jorill trenar styrke 1 ½ -2 timar pr dag, 5 dagar i veka. Korona gjorde dette utfordrande sidan treningssentra var stengde. Men ein kreativ svigerfar snekra utstyr og spisestova til svigerforeldra på Dyngeland vart treningsstudio og innreia med treningsapparat.
Frå Eksingedalen IL fekk ho treningsstipend, noka ho òg er svært glad for.
Slåtten på Brakestad i sommar, då? "Slåtten gav opphald i treninga, men eg fekk iallfall halde formen ved like", svarar Jorill!
Jorill håpar no at ho får delta i Nordisk meisterskap i styrkeløft i Finland i november. Uansett, er den sterke jenta frå Brakestad meir enn klar for nye løft:
-Dette var «orntli gøy» – og eg er veldig klar for å satsa vidare, seier ei glad Jorill.