
Det er heilt klart at kvinner med jaktprøve og gevær er i mindretal. I Noreg var det i sesongen 2020-2021 11 560 kvinner som deltok i ei eller anna form for jakt, mot 128 610 menn, altså under 10 % kvinnelege jegrar. Mange fleire kvinner er deltakarar i jakta i Eksingedalen som "råkarar", men berre to med gevær.
Etter det ein veit er det berre Aud Marit Brønstad Bergo og Kari Brørvik av kvinnene i dalen som tek jaktprøven og er skyttarføre. Og i år skaut begge to hjort den aller første jaktdagen.

Aud Marit skaut hjort i sitt jaktområde som er Nesheim og Brakestad. Aud Marit har vore med på jakta i mange år, og har skote 2 hjortar før.

Kari har vore med på jakta i Yksendalen i over 15 år, med børse dei siste 7 åra. Ho har skote fleire hjort før, men aldri på opninsdagen. Kari set pris på det gode samhaldet, historiane og gode råd frå erfarne jegrar.
Det kan fellast totalt 66 dyr i jaktområdet Gullbrå - Flatekval hausten 2021. Hjortestamma er sterkt aukande, og køyrer ein Eksingedalen ein kveld er det reine hjortesafarien. No gjeld det for jegrane å fella dei rette dyra. Kvart jaktfelt har sine tildelte kalvar, koller og bukkar.
Det ryktast at jakta er godt i gang, med mange slakt og delte skrottar allereie.