Årets eksingedøl 2021

Av Magnar tir 07.09.2021 - 08:08

LAURDAG 11. SEPTEMBER blir "årets eksingedøl 2021" kåra. Dette skjer på skulen på Bergo ca kl. 12.15. Det er tredje gongen denne prisen vert delt ut.  Denne dagen er det motbakkeløp, og prisutdelinga skjer i samband med premieutdelinga for dette løpet. Idrettslaget har kafè i gymsalen, så det er råd å ta formiddagskaffien her. Starten på "Gygrakjeften opp" er kl. 11.00, og idrettslaget er glade for alle som kjem då og heiar på løparane. Dette kan gjerast i startområdet ved skulen, eller i bakkane opp mot Mjelkeplassen. Kafèen åpnar 11.30.

Idrettslaget og bygdarådet ynskjer alle velkomen.