Først oppe med startnummer på var Signe Roti 7 år.
Eksingedalen IL inviterte til motbakkeløp med kafè etterpå. Støtteapparatet kunne lett handtert det tidoble, så her var det god støtte for alle fire deltakarane i konkurranseklassen. Alle fire vart klassevinnarar. I alt var det 15 løparar og trimmarar som kom over målstreken på Gygrakjeften opp.
Dagen vart fin for alle, regnet kom i bøtter og spann etter at folket var komme inn på skulen. Der dukka også fleire opp, for endeleg å kunna treffa folk på noko kjekt!
Vinnarane var:
Elias Bergo, klasse herre junior. Tid: 11.46
Nina Toskedal, klasse dame senior. Tid: 11.20
Ragnhild Korneliussen, dame veteran. Tid: 11,33
Magnar Nese, klasse herre veteran. Tid: 10.23
På kafèen på skulen venta mykje god bakst, saft og kaffi. Der var det permieutdeling og utnemning av "Årets Eksingedøl 2021".