Dette er tredje gongen tittelen "årets eksingedøl" vert delt ut. Heidersprisen vert delt ut av Eksingedalen Bygdaråd. Alle i dalen vert inviterte til å komma med framlegg til kanditdatar, og arbeidsutvalet i Bygdarådet bestemmer ut frå dette kven som skal smykkast med tittelen. Vanlegvis vert prisen delt ut på 17.-mai.
Prisen er oppretta for å synleggjere positivt engasjement og arbeid for Eksingedalen eller folk i dalen, og den skal gå til ein person som har gjort ein god innsats for dalen siste året. Det kan vere for engasjement som også har vart over fleire år.
Grunngjeving for utdeling av prisen var:
Britt er ei viktig brikke i det aktive styret for Grendahuset, der alle styremedlemmane gjer ein formidabel jobb for å ta vare på huset. Styret har også engasjert bygdefolk til å vera med på å utføra stor dugnadsinnsats.
Britt er utan tvil den aller største «søkjemotoren» Eksingedalen nokon gong har hatt! Britt har til pr i dag jobba fram 1,3 millionar i tilskot til rehabilitering av Grendahuset Ljosheim.
Utan Britt sitt store engasjement og glød og alle søkje-timane hennar, hadde denne store rehabiliteringa aldri vore gjennomførbar. Ungdomshuset, som ein sa før, er av dei eldste ungdomshusa i landet og er teikna i dragestil. Dette satsa dei på for 124 år sidan, i Eksingedalen. Britt har sett kor viktig det er å ta vare på eit så gammalt og særmerkt kulturbygg. Å rehabilitera eit gammalt bygg er krevjande på mange måtar. For utan å vera kostnadskrevjande, må ein også ha kunnskap om det som trengs.
Britt har site ved pc-en i vekevis dei siste to åra. Ho har brukt enormt med tid til å leita fram stader å søkja og ho har skrive søknader. Ho har skrive lange utgreiingar for å dokumentera og argumentera kvifor Grendahuset Ljosheim bør få midlar. Ho har henta inn fagleg kompetanse frå andre, og har i tillegg lese seg opp på både rehabilitering og dragestil. Då det kom inn endå meir av tilskot i vår vart det endeleg klart at den store takvøla også kunne gjennomførast.
I tillegg kan det nemnast at Britt også har vore ein aktiv motor gjennom Kvinne- og familielaget dette året, med både idear om og i arbeid med å få i gang og på plass både hjartestartarar og fornying av leikeplass. Alt til glede og nytte for mange.