Alvorleg tema - engasjert forfattar

Av Magnar tor 30.09.2021 - 08:48

Relativ fattigdom.
Utganspunktet for dei undersøkingar Maria starta var relativ fattigdom. FN definerer dette begrepet slik: Relativ fattigdom er fattigdom sett i forhold til størstedelen av befolkningen i et land. Hvis du er fattigere enn de fleste andre i landet ditt, opplever du relativ fattigdom. 

Sterke historier.
I bok vert me presentert for fleire sterke historiar. Me fekk bli litt kjent med nokre av personane gjennom det Maria las og fortalde. Uroa og stresset til dei vaksne som ikkje veit om dei klarar utgiftene sine, og at barna deira ikkje kan få eller vera med på det klassekameratar kan. Barna som ikkje snakkar om det dei ikkje ynskjer eller vil fordi dei veit at økonomi er det som kvernar i tankane til mor eller far heile tida, og at eit nei er det mest sansynlege svar på spørsmål som harmed pengar å gjere.

Engasjert forsamling.
Denne kvelden kom ikkje engasjementet fram gjennom mykje lyd. Det var knyst stille i salen under presentasjonen av boka. Og Maria gjekk tom for bøker å signera før kveden var omme.