Vi kan få eit betre vassdrag - og BKK må ta ansvar sjølv

Av Liv Anne fre 01.10.2021 - 08:58
Leiaren i Eksingedalen Bygdaråd, Magnar Nese, har eit nært forhold til tilstanden i den sterkt regulerte Ekso som renn gjennom garden han eig og driv på Brakestad.

Tekst: Gunnar Hatland, for eksingedalen.no

- Målet for oss alle både i Eksingedalen og i Arbeidsutvalet til Bygdarådet, er å gjera tilhøva rundt vassdraget betre, og så gode som mogeleg. Slik vi ser det vil det vera til styrke for saka og den uttalen vi skal gje, at flest mogeleg av lag og organisasjonar i dalen finn det tenleg å marsja i takt, og helst slutta opp om ei samla prioritert ønskjeliste. Her vil vi også leggja opp til at «alle skal med» som det heiter i politikken, og det betyr at Bygdarådet inviterer til ope folkemøte om saka, der hjartesaker og synspunkt kan takast opp. Etter at Bygdarådet har søkt om, og fått, utsett frist for levering av uttale, er også dato for folkemøte utsett. Dette kjem det meir info om.

 

Bygdarådet har eit godt grunnlag for å koma i mål med ein uttale, godt innafor fristen. I mai 2019 sendte Bygdarådet nemleg inn ein omfattande og grundig uttale om saka til Vaksdal kommune, som skulle koordinera lokale synspunkt i saka. Det er naturleg å byggja vidare på denne. Lenke her:

https://eksingedalen.no/no/node/1651

 - I tillegg vil vi i arbeidsutvalet no koma med eit nytt forslag, og det er at vi kan ønskje oss at BKK får pålegg om å utarbeida ein eigen forpliktande forvaltningsplan for vassdraget, i tråd med dei nye konsesjonsvilkåra. Her bør BKK forplikta seg stelle best mogeleg i og rundt elva heilt frå magasina i Grøndalen og Askjelldalen og ned. Det same gjeld tilgroing ute i elva, opphoping av elvemassar på oppsida av mange tersklar, og bidra aktivt til fiskeforvaltninga.  Kraftselskapet må vera meir på hogget for å få det sterkt regulerte Eksingedalsvassdraget til å sjå best mogeleg ut.

Pålegget om å laga ein slik forvaltningsplan må sjølvsagt henga nøye saman med vilkåra som vert sett i dei nye konsesjonsvilkåra. Slik det har vore no, i mange, mange år, så er det lokalsamfunnet i Eksingedalen som har vore ubetalt vaktmeister for BKK, og stadig dradd BKK på bana for at dei skal gjera i alle fall eit minimum av miljøtiltak. Med ein handlingsplan er det viktig at BKK forpliktar seg til å vera sjølvgåande, og ikkje flyta på bygdafolket. Ein handlingsplan kan kanskje vera opp til ti sider, i motsetnad til eit kjempedokument på over 100 sider som kan vera krevjande å finna fram i, seier Magnar.

Fornying av vilkåra for Eksingedalsvassdraget er ein prosess som no er sett i gang av NVE. Fristen for å gje uttale i saka er sett til 1. november i år. Konsesjonsvilkåra for vassdraget vart sett i 1966 då Stortinget godkjende kraftutbygging her, med overføring av alt vatn som ligg over om lag 750 meter i fjellområda våre. Sjølve konsesjonen til å overføra vatnet til Evanger kraftverk er evigvarande,  medan vikåra skulle gjelda for 50 år, til 2016.

NVE sendte for nokre år sidan ut melding til alle berørte partar, frå turlag og kommunar til grunneigarar og sportsfiskarar, med spørsmål om det ville vera behov for og ønskjeleg å ta opp konsesjonsvilkåra til nyvurdering. Svaret til NVE vart massivt ja til dette, og så vart den formelle prosessen med vanleg saksgang opna opp i desember 2019.

Men tilbake til det opne folkemøtet. Målet med eit slikt møte er at Bygdarådet vil at alle dei som har meiningar i saka, skal få høve til å ta opp sine synspunkt. Det gjeld både enkeltpersonar og lag og organisasjonar knytt til Eksingedalen. Møtedato, tidspunkt og stad vil bli kunngjort om kort tid, seier leiaren i Bygdarådet, Magnar Nese.