Bokbyte for Fjelltrimmen

Av Liv Anne tir 12.10.2021 - 21:48
Bøkene vert bytt ut, klart for ny sesong Fjelltrim

I løpet av dei to første vekene vert bøkene i Eksingedalen IL sin Fjelltrim bytt ut. Frå den nye boka er på plass, er ny sesong i gang.

Fram til 24.oktober kan du likevel få namnet ditt i boka for 2021-sesongen, ved å melda frå til ein i turgruppa (Aud Marit, Jomar eller Liv Anne). 

Dei 15 nye bøkene vert i kassene fram til midten av oktober i 2022. 

God tur! 

 

Melisdryss over fjelltoppane, 12.oktober 2021