Velkommen inn i bikuben!

Av redaktør fre 05.11.2021 - 10:04
Førskulejenta og 1.-7.klasse som summande bier inviterte til temautstilling.

Gjennom ein sesong har elevane frå Eksingedalen følgd bielivet i ein bikube på Rongen Gard på Bolstad. Dei har snikra sine eigne honningrammer til bikuben, og studert både dronninga og arbeidarane i det verkelege arbeidet til biene. Dessutane har dei forska, lese, skrive, rekna, teikna og forma mykje på skulen.

"Elevane i Eksingedalen er så flinke til å spørja," sa Tomas Brovojak frå Rongen Gard. 

Tomas har besøkt skulen fleire gonger - og alle elevane har vore på Rongen Gard. I vår sette dei sjølvspikra trerammer inn i kuben, for å forska på korleis biene jobbar. Spørsmåla har vore mange, og mange svar er funne. Og stadig dukkar det opp fleire spørsmål! 

 

Første møte med biene i mai.
Elevane laga rammer med og utan honningplater i. Kva vil skje?
Eigne rammer vert sett inn i kuben.

Kuben har ei dronning. Det er "Dronning Anna". Dronning Anna er heldig, ho har mange, mange arbeidarar som gjer alle dei viktige jobbane. Ho legg egg, heile tida. Dei andre biene passar på henne, lagar rom og heldt det reint, skaffar mat, passar larvene og jagar vekk fiendar. Dei samlar nektar frå plantene og dei fraktar pollen. Alt dette lagrar dei i sekskanta rom i kuben.

 

Nærkontakt er ikkje farleg når ein er rett kledd!

Og kva fann elevane ut?

Det viser dei fram i utstillinga si. Dei fann ut at i bikuben til Dronning Anna er det produsert nesten 21 kg honning. Dei fann ut at biene har bygd sekskanta rom og fylt opp med honning i dei rammene som var heilt tomme. Altså: Bevis for at biene bygg sekskantar sjølv. Og, kvifor dei gjer det, det har dei spurt andre om og dei har lese om det. 

Dei har sett dronninga, arbeidarane og alt av arbeidsoppgåver. Dei har funne ut at den aller viktigaste jobben til biene er pollineringa. For medan biene er ute og leitar etter nektar og pollen, så fraktar dei pollen frå blomst til blomst - og slik vert det nye frø og planter.

Biene gjer ein viktig jobb for 30 % av maten me et.

Små jenter - stor kunnskap!
Gjestane las og blei kloke - og elevane kunne svar på kva som helst!
Førskulejenta lærer birøktar Tomas å programmera BeeBot for bieoppdrag

Ungdomsskulen hadde open bygdakafe heile ettermiddagen, med middag og honningkake til dessert. 

Sidan ungdomsskuleelevane var oppteken med sitt, var deira bidrag til utstillinga ei digital framsyning som handla om mangfaldet i naturen, m.a. om biologisk mangfald, samanheng og økosystem. I tillegg hadde dei laga ein plakat som forklarer fotosyntesen på ein enkel måte. 

Godt oppmøte er kjekt for elevane
Og så er det så koseleg å eta middag i lag!