Folkemøte på oppveksttunet

Av Magnar man 08.11.2021 - 09:23

- Pandemi-restriksjonane i starten av uttaleperioden gjorde det vanskeleg med eit ope folkemøte, og det er ein av grunnane til at vi fekk utsett uttalefristen, seier Magnar. 

- På folkemøtet vil vi presentera framlegget til uttale som Bygdarådet no utarbeider, og leggja saka fram slik at det god opning for nye innspel og supplement. Terskelen for innspel skal vera låg, så det er berre å ta ordet og ytra seg. I tida frå folkemøtet til fristen for å senda inn er det 18 dagar, så dette skulle gi oss god tid til å innarbeida nye punkt i uttalen, om det er ønskjeleg, seier Magnar Nese. 

 

Sett av dato og tid: Laurdag 27. november kl.12.00 på Eksingedalen Oppveksttun.