Blid ordførar med kontor i Eksingedalen

Av Liv Anne ons 10.11.2021 - 20:15
Ordførar Hege Eide Vik har ordførardag i Ekisngedalen

- Dette var veldig kjekt, sa ordførar Hege etter at kontortida var over.

- Det har vore bra med folk innom, like mange her som elles ved kontordag andre stader i kommunen. Det er fint å få snakka med folk, det har vore mange positive og konstruktive samtalar her i dag, legg Hege til.

Det er mange saker som opptek eksingedølane. Særleg har mange snakka om "vegsaker" i dag, fortel ho. Og, Hege lovar å komma att, både med kontordag og ved andre høve.