Folkemøte 27. november

Av redaktør tor 25.11.2021 - 12:42

- No er vi klare til laurdagen. Endeleg, endeleg er vi i havn med utkastet til våre ynskje om nye konsesjonsvilkår for Eksingedalsvassdraget, seier leiaren i Eksingedalen Bygdaråd, Magnar Nese.

-    Når eg seier endeleg, så er det ikkje fordi det har gått trengt med oss, men fordi oppgåva har vore så stor og krevjande. Samla har det gått med eit par hundre timar for oss i Bygdarådet. Vel halvparten av tida har gått med til research, som det så fint heiter, pluss skriving av dokumentet vårt. Resten av tida har gått med til å kasta ball mellom oss i arbeidsutvalet, pluss mange representantar for bygdene nedover i dalen. Men no er vi altså i mål med første etappe, seier Bygdarådsleiaren.

Dokumentet som arbeidsutvalet legg fram, skal framleis pussast litt på, og kan endrast på einskild-punkt om det på folkemøtet er ønskje om det. Det er eit omfangsrikt dokument som vi skal drøfta laurdag. For dei som har det travelt og ikkje vil  lesa alt, så håpar vi at kapittel-inndelinga kan vera til hjelp for å finna fram til dei punkta som er av særleg interesse, seier Magnar Nese.