Pustepause opp stølslia
Turen gjekk frå Flatekval og enda i Haugen. Først opp stølslia til Flatekvalstølen, og deretter oppover til Muradalen.
Også i dag ein del undring om kva desse murane i Muradalen stammar frå.
Har nokon ei god forklaring vert Eksingedølane glade for å høyra om det!
Mystiske murar i Muradalen
Vidare gjekk turen til Nipevatnet, forbi Nipehelleren og ned til Lavikstølen.
Eit godt turtips i sommar!
Det er tydeleg sti fram til Muradalen, følg deretter kart. Frå Nipehelleren og til Lavikstølen er stien godt merkt!
God utsikt ned til gardar og fjell på andre sida...