Vintervedlikehald på fylkesvegane våre

Av Magnar tir 07.12.2021 - 14:05

Vegane i Noreg er inndelt i klassar frå A til E. Det er trafikkgrunnlaget som avgjer kva vintervedlikehald vegane skal ha. Difor er vår veg plassert i lågaste klasse, altså E. At det er smalt, svingete, bratte parti og manglande rekkverk har ingen ting å sei. Kommentar: Dette gav me uttrykk for at me var usamde i.

  • Vinterdriftsklasse E. Godkjent føreforhold er hard snø/is, og friksjon ned til 0,20 aksepteres. Driftsklasse E skal ikke benyttes på riksveier.



Hovedentreprenør (hjå oss Presis Veidrift) har plikt til på eige initiativ å sjekka om vegane er glatte, det skal ikkje vera avhengig av at brukarane ringjer. I praksis er det likevel slik at me som brukarar må gi beskjed til 175. Så ikkje slutt å ringe.

Tidlegare fekk entreprenør betalt for kor mange kubikk sand/salt som vart brukt. For å redusere saltbruken har no dei som strør gitt pris på strøing i forkant ut frå kva dei reknar med å bruke. Altså tapar dei pengar på å strø meir enn dei får betalt for.



Det er viktig å vera presis på kvar vegen er glatt. Er det glatt frå Lavik til Bergo er det det ein må melda. Då vert det målt friksjon på denne strekningen.



Viktig: Ver sakleg når du snakkar med dei som tek imot meldingar på 175, det er ikkje dei som har laga reglane.