Innhaldsrike butikkhyller, mat og julegåver!

Av Liv Anne fre 10.12.2021 - 11:41
Om du ikkje veit kva du skal finna på, så er gåvekort eit godt alternativ!

- Gje gjerne eit gåvekort til folk som bur langt vekke. For då får du besøk også, smiler butikkstyrar Hege. 

I butikken er det gåver for einkvar smak: Turutstyr, strikkepakker, koselege jolehefte og bøker. Rikeleg jolebrus og godteri er det også. Og mykje god mat! I år har Hege også kjøpt inn fine korger, slik at kjøparen sjølv kan setja saman ei hyggeleg gåve. 

Støtt det nære, handla lokalt!