9.klasse opna tursti

Av Magnar tor 21.06.2018 - 20:07

9.klasse opna ny tursti i Eksingedalen

 

Onsdag 20. Juni starta Eksingedalen skule sin sommaravslutning med nyopning av ein gammal tursti. Det er 9. klasse ved skulen som har grava fram og merkt stien. Sjølv om veret ikkje var på topp, møtte rundt 35 til opning og for å gå turen.

 

Prosjektet med å få fram ein tursti har gått over eit halvt år. Prosjektet er kalla "Høgakleiva", og kom i stand etter tips frå folk på Nesheim. Målet for turen er å komme til nettopp Høgakleiva som er ein utkikspost langs den gamle ferdselsåra mellom Nesheim og Brekkhus. Det er ein liten tur, men med store opplevingar. Frå Høgakleiva ser du milevidt i kring, mellom anna Blånipo, Hjellaberget, Bergofossen, Bergovatnet og Nesheimsvatnet. Og så har heile skulen laga små og store kunstverk som er å sjå langs heile stien. Det gjer turen til ei endå kjekkare oppleving.

Halvvegs på stien kjem du til ei trapp. Denne vart bygd og hogga ut i fjellet for lenge sidan. Trappa fann 9.klassen ved ei tilfeldigheit då dei begynte å jobbe med stien.

Den er no grava fram, og står som symbol for det slitet folk la i arbeidet med denne buførevegen. Skulen har også laga ei informasjonstavle som står ved vegen. Den har dei fått trykka kostnadsfritt hjå Allkopi Netprint i Bergen.