Gåver til jul - i "Fru Ingeborg si ånd"

Av redaktør fre 17.12.2021 - 13:40
Alle på Oppveksttunet har vore med og samla inn gåver.

Nær 80 gåver og mat for kr 3 000 er pakka og klart til levering. Alt samla inn av borna og elevane. I heile desember har pakkehaugen auka for kvar dag. Overskot frå ungdomsskulen sine Bygdakafèar har dei brukt til å handla inn mat til matkassene. Frivilligsentralen i Vaksdal tek imot, og der vert alt delt ut til dei som treng litt ekstra før jul.

I år er denne innsamlinga gjort i "Fru Ingeborg si ånd". Fru Ingeborg sytte nemleg i 1621 for at det kvar år skulle sendast 1/2 tonn mjøl til trengjande i Vesterålen. Ho oppretta eit legat, som etter høgsterettsdom skal gjelda i evig tid; "til dommedags eftermiddag". No er det mølla på Vaksdal som syter for at julemjøl vert levert - og det går til utdeling gjennom NAV i Vesterålen. Legatet feirar 400 år, og det vert markert både i Vesterålen og Vaksdal.

"Fru Ingeborgs legat" er av dei eldste legata som er i drift, og det er spesielt at ei kvinne oppretta eit legat på den tida. Ungdomsskule-elevane har lese om andre kvinner frå same tid, der både hekseri, trolldom og underjordisk liv var høgst levande. Dette har dei skrive eit skodespel om. Meininga var å visa det på juletrefesten neste veke.

No er festen utsett til 13.januar, som er tjuandedag-jul. Ein passande dag å avslutta med juletrefest. Det er berre å gle seg!