Kom deg ut, ta turen til Nesheim søndag!

Av Liv Anne tir 01.02.2022 - 20:22
Folk i løypene februar 2021, sist kom deg ut-dag på Nesheim

Kom deg ut-dagen  på Nesheim varer frå  klokka 12 - 14 søndag 6.februar.
 

Det er komme fin snø no, og løypefolket på Nesheim lovar oppkøyrte løyper. Turgruppa lagar til bål, og Vaksdal Turlag har "Turtipp" med premie til alle som deltek. 

 

Klokka 13 deler turgruppa i Eksingedalen IL ut krus og premiar for Fjelltrimmen 2021.
Det er rekordmange som har greidd kruset, i alt 36 medlemmar dette året. Premie vert det også for to i kvar av aldersklassene og til alle småtroll som har fått namnet sitt i turbøkene. 

Kom deg ut-dagen er Norges nasjonale turdag, og vert arrangert av DNT kvar vinter og haust. På ein og same dag vert det arrangert 175 arrangement over heile landet. Totalt er det venta 42 000 små og store deltakarar. I Vaksdal er det arrangement både på Nesheim og på Lid i Bergsdalen. 

- Kom deg ut-dagen er ein introduksjonsdag til friluftslivet, og det krevst ingen forkunnskap for å vera med. Om du er van med å vera i naturen eller ikkje; me lagar til enkle og kjekke aktivitetar for alle. Alt er gratis, du treng berre å ta med deg varme klede og gode sko, seier ansvarleg arrangør i Vaksdal Turlag, Elizabeth Gjessing.

 

I Eksingedalen er arrangementet eit samarbeid med Eksingedalen IL.